Ellen DeGeneres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ellen DeGeneres
Dato: 23. februar 2009

Ellen Lee DeGeneres (fødd 26. januar 1958 i Louisiana) er ein amerikansk standupkomikar, skodespelar og talkshowvert. Ho har mellom anna vore meddomar i programma So You Think You Can Dance og American Idol. Ellen har sidan 2003 hatt sitt eige talkshow, som heiter The Ellen DeGeneres Show. Showet vert mellom anna sendt i NoregTV 2 og på TV 2 Bliss.

Frå 1994 til 1998 spelte Ellen i sitcomserien Ellen, som opprinneleg hadde namnet These Friends of mine. Ellen hadde hovudrolla som Ellen Morgan. I sesong fire stod rollefiguren Ellen Morgan fram som lesbisk, i episoden som fekk namnet The Puppy Episode. Det same gjorde Ellen DeGeneres, ved å stadfeste på framsida av Time Magazine, at "Yep, I'm Gay!" Serien blei avslutta etter sesong fem, grunna låge sjåartal. I 2001 spelte Ellen DeGeneres i ein ny sitcom, The Ellen Show. Denne serien vart avslutta etter berre éin sesong. Betty White har mellom anna hatt ei gjesterolle i serien.

Ellen har leidd ei rekkje prisutdelingar, mellom anna The Emmy Awards og The Academy Awards.

Ellen bur i Beverly Hills saman med kona, Portia de Rossi (Portia Lee James DeGeneres), tre hundar og fire kattar. Både Ellen og Portia er praktiserande veganarar.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk