Ellen Johnson Sirleaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ellen Johnson Sirleaf

Ellen Johnson Sirleaf (fødd 29. oktober 1938) er ein liberisk politikar som i november 2005 blei vald til president i Liberia. Ho er den første demokratisk valde statsleiaren i Afrika som er kvinne. Ho fekk Nobels fredspris i 2011.

Sirleaf leier Unity Party, Einingspartiet, i Liberia. Ho har tidlegare vore finansminister i regjeringa til William Tolbert frå 1970. Ho stilte som kandidat til senatet i 1985 og uttalte seg då imot militærregimet i landet, noko som gav henne ein dom på ti års fengsel. Etter kort tid i fangenskap blei ho sloppen fri og drog i eksil. I 1997 kom Sirleaf tilbake til Liberia som økonom for Verdsbanken og Citibank i Afrika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ellen Johnson Sirleaf
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.