Elva Lek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lek
Lek nær Jaarsveld.
Lek nær Jaarsveld.
Utspring Nederrijn
Munning Nieuwe Maas ved Kinderdijk
Land i nedslagsfelt Nederland
Lengd 62 km
Lek -

Lek er ei elv vest i Nederland med ei lengd på 62 km. Ho er ei fortsetjing av Nederrijn etter Kromme Rijn vert ei grein av elva ved Wijk bij Duurstede. Hovudleia vestover frå her vert frå dette punktet kalla Lek. Nederrijn er igjen ei bielv frå Rhinen.

Namnet Lek kjem frå det mellomnederlandske ordet leek som tyder «vassveg»[1]

Delar av elva dannar grensa mellom provinsane Utrecht og Gelderland, og mellom Utrecht og Zuid-Holland.

I romartida rann Nederrijn ut i Kromme Rijn og desse elvane var hovudleia til Rhinen. Då Kromme Rijn mudra til i mellomalderen vart Lek det viktigaste elvefaret. Like etter Wijk bij Duurstede kryssar elva Amsterdam-Rhin-kanalen, som held fram sørover mot Waal. Ei grein av denne kanalen, Lekkanaal, er tilslutta elva ved byen Nieuwegein.

Andre byar langs elva er Culemborg, Vianen, Schoonhoven, Nieuw-Lekkerland og Lekkerkerk. Elveleiet er faktisk noko høgare enn det omliggande landet og dike er derfor heilt nødvendig for at Lek framleis skal eksistere. Ved landsbyen Kinderdijk møter Lek elva Noord og dei renn vidare som Nieuwe Maas som renn vidare mot Nordsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Elva Lek

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]