Embargo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Embargo (av spansk embargar, 'hindre, sperre') er ein internasjonal boikott eller hindring av handel med eitt eller fleire land. Slike embargoar kan innførast ved krig eller andre konfliktar, og kan omfatta alle eller berre nokre varer. For å handheva ein embargo kan ein innføra ein blokade.

I folkeretten viser embargo til beslaglegging av eigedelane til ein fremmed stat eller borgarar frå han, særleg når det gjeld handelsskip. Embargo har vore brukt dels som eit folkerettsleg tvangsmiddel (sanksjon), dels som innleiing til fiendtlege handlingar mellom to makter.

I den 6. Haagkonvensjonen av 1907 blir det slått fast at eit handelsskip som høyrer til ei av dei krigførande maktene og er i eit fiendtleg hamn når fiendskapen bryt ut, bør gjevast lov til å forlata hamna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]