Emiliano Zapata
Emiliano Zapata Salazar (8. august 1879–10. april 1919) var ein meksikansk geriljaleiar og motstandsmann. Han vart ein av hovudpersonane under den meksikanske revolusjonen som braut ut i 1910, mot diktaturet til Porfirio Díaz. Zapata var mestis og leia kampen til indianerbøndene mot dei mektige jordeigarane under slagordet Reforma, Libertad, Justicia y Ley (plan de Ayla) . Han gjennomførte omfattande jordreformer i dei områda han kontrollerte, men vart til slutt drepen av fiendane sine i 1919.
Zapata vert rekna for å vere ein av dei fremste nasjonale heltane i Mexico. Byar, gater og bustadområde kalla «Emiliano Zapata» er vanlege rundt om i landet og Zapata har til tider vore avbilda på meksikanske pengesetlar. Dei opphavlege zapatistane starta i delstaten Morelos.
Innhaldsliste |
Zapatistar i nyare tid [endre]
Zapatistane (EZLN), ei revolusjonær rørsle med utgangspunkt i delstaten Chiapas, har i nyare tid teke namnet sitt etter Zapata.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Emiliano Zapata» frå Wikipedia på bokmål, den 13. februar 2010.