Engebret Soot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engebret Soot og to sluser i Haldenkanalen

Engebret Soot (26. mai 17863. mars 1859 Østre Otteid) er kjend som Haldenkanalens far. Han bygde sluser og kanalar for transport av båtar og tømmer.

Minnestøtte ved Ørje sluse over Kanalbyggeren Engebret Soot (1786–1859)

Dampbåten Engebret Soot gjekk i rute mellom Skulerud og Holmgil brygge i Aspern.

Kanalbygging[endre | endre wikiteksten]

  • Frå 1824/25 til 1827 bygde Engebret Soot den 775 meter lange Otteid kanal, den første i sitt slag i Noreg. Dette skjedde etter ønskje frå Fredrikshalds sagbrugseiere. Dei ville få tømmeret raskare ned til byen, ei tid då det tok eit par år å få tømmeret nedover frå Stora Le.
  • 20. juli 1849 opna «Soots kanal», landets første slusekanal. Denne kanalen vart brukt til å fløyte tømmer oppstraums frå Mangenvassdraget til Haldenvassdraget. Kanalen vart kjøpt av Saugbrugsforeningen i 1869, ti år etter at Saugbrugs vart skipa. Kanalen var i drift til 1930.
  • Våren 1852 byrja bygginga av Brekke sluser i Haldenkanalen og 7. juni 1853 vart «Stens-Elvs-Kanalens Aabning» markert. Krappeto-dammen stod ferdig i 1856, slik at anlegget vart teke i bruk i 1857. Det vart øydelagt i 1861, halvanna år etter at Soot var død.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkel i Halden Arbeiderblad om Haldenkanalens far
  • Grete Brustad Nilsens minne-hefte om Engebret Soot