Engelen Rafael

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engelen Rafael.

Rafael er ein engel som er blitt rekna for ein helgen i den kristne kyrkja. Den katolske kyrkja reknar han som ein erkeengel, sjølvom Bibelen berre nemner erkeengelen Mikael som erkeengel.

Namnet Rafael kjem frå hebraisk רפאל og tyder Gud har heila eller Gud lækjer. Ut frå tydinga av namnet er han identifisert som engelen som rørte vatnet i Betesdadammen [1]. Rafael er dessutan nemnd i Dei apokryfe skriftene i Tobits' bok 3,17 [2] og 5,4 [3]. Han er engelen som tok seg av Tobias på reisa hans, og er eit døme på verneengelen som fylgjer alle menneske gjennom livet.

Rafael vart æra alt i den eldste kyrkja, spesielt i aust.

Rafael er vernehelgen for reisande, pilegrimar, apotekarar, lækjarar, gruvearbeidarar, skipperar, taktekkarar, tyske utvandrarar, ektefolk og elskande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]