Enschede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enschede
Flagget til Enschede Byvåpenet til Enschede
Flagget til Enschede Byvåpenet til Enschede


Plassering
Plassering av Enschede
Plassering av Enschede
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Overijssel
Borgarmeister Roelof Bleker
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

142,75 km²
  141,09 km²
  1,66 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

154 888
  1 098/km²
Koordinatar 52°13′″N 5°53′″EKoordinatar: 52°13′″N 5°53′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.enschede.nl

Enschede (lokal dialekt Eanske) er ein kommune og by aust i Nederland i provinsen Overijssel og regionen Twente. Kommunen bestod av byen Enschede fram til 1935, då kommunen Lonneker vart ein del av kommunen. Byen hadde då vokse fullstendig rundt Lonneker etter rask vekst då jernbanen og Twentekanaal kom til byen i 1860-åra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rådhuset i Enschede

Ein kjenner lite til den tidlege historia til Enschede, men ein veit at det eksisterte ein liten busetnad her i tidleg mellomalder. Namnet på denne busetnaden var Anescede, som tyder «nær grensa» (til Bentheim) eller «nær Es», og hadde ei kyrkje, ein marknadsplass og ei borg.

Enschede fekk byrettar i 1325 av Gerard Besselink, biskop av Geometrie og fekk så lov til å byggje bymurar. Sidan det var for dyrt med steinmurar bygde Enschede i staden eit system av grøfter, palisadar og hekkar, som ein framleis kan sjå att i gatenamn som Noorder-hagen og Zuiderhagen (Nordhekken og Sørhekken).

Sidan mellomalderbyen stort sett var bygd av tre var brannfaren stadig stor og ei rekkje brannar i 1517, 1750 og 7. mai 1862 råka byen. Etter den siste brann voks byen fram som eit stort senter for tekstilproduksjon, opphavleg bomull. Industrialiseringa førte til stor folkevekst i byen.

Under den andre verdskrigen var Enschede ein av dei første nederlandske byane som vart erobra av tyskarane. Motstandsfolk hjelpte mange av jødane ut av byen og gøymde dei på gardar i nærleiken. Av om lag 1300 jødar i Enschede vart 500 redda. Sidan han låg nær grensa til Tyskland og husa eit tysk kommandosenter, vart han ofte bombardert av allierte fly, som anten hadde kommandosenteret som mål eller tok feil av Enschede og nærliggjande tyske byar. Han låg til dømes berre eit par kilometer frå byen Gronau i Tyskland. Enschede vart frigjeve av kanadiske troppar i mai 1945.

I 1970 stopp tekstilproduksjonen i Enschede opp og kommunen vart ein av dei fattigaste i Nederland og var så godt som konkurs. Byen hadde då store, aude industriområde, som etter kvart vart kjøpt ut med støtte frå regjeringa og bygd opp att på nytt.

I mai 2000 vart Enschede råka av ein stor eksplosjon etter ein brann i eit fyrverkerilager. Eit heilt nabolag vart øydelagd og 22 menneske mista livet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Enschede