Eolomea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eolomea er ein aust-tysk utopisk science fiction-film frå 1972. Det tyske filmselskapet DEFA var eit av få utanom dei sovjetiske og dei amerikanske selskapa som produserte filmar i 70mm-formatet. Denne filmen er ein slags mellomting av Douglas Trumbulls Silent Running frå same året og Andrei Tarkovskijs Solyaris, også frå same året. Det vil seie ein meditativ framtidsutopi med kommunistiske ideal og eit psykedelisk lydspor. Regissør var Herrmann Zschoche som i seinare år har regissert episodar av Tatort og Kommissar Rex.

Handlinga går ut på at nokre romferjer er sporlaust forsvunne og ingen kjem opp med noko god forklåring på kvifor.