Eric Flaim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eric Flaim


Statsborgarskap USA
Fødd 9. mars 1967 (57 år)
Pembroke i Massachusetts
Idrett kortbaneløp, lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, short track speed skating at the 1994 Winter Olympics – men's 5000 metre relay, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1988 – 1500 meter herrer

Eric Joseph Flaim (fødd 9. mars 1967) er ein USA-amerikansk skeiseløpar frå Pembroke i Massachusetts som vart verdsmeister i firkamp i Alma-Ata i 1988.

I løpet av ein månad vinteren 1988 tok Flaim medalje i olympiske leikar, og i verdsmeisterskapaen i firkamp og i sprint. Det tok til fyrste helga i februar med bronseplass i sprint-VM i West Allis i delstaten Wisconsin i USA. To veker seinare gjekk han inn til sølvmedalje på 1 500 meter under Vinter-OL 1988 i Calgary, bak austtyske André Hoffmann. Fjorten dagar etter overraska Flaim stort og kunne stige øvst på sigerspallen då VM i firkamp på Medeo-bana i Alma-Ata var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]