Erik Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Meister» Erik Kristiansen (fødd 12. mars 1963) er ein norsk tidlegare ishockeyspelar. Han spelte for Storhamar Dragons, og er kjend som den største spelaren i Storhamars historie. Kristiansen var heilt sentral ei tid då klubben etablerte seg i den norske toppserien og fram til han blei dominerande i Noreg. I alt spelte han 20 sesongar for moderklubben og blei også den mestskårande spelaren i klubbhistorien med 509 scoringar og 406 målgjevande pasningar på 649 spelte kamper.

Han er en av dei ishockeyspelarane med flest landskampar for Noreg også. I alt spelte han 97 offisielle OL- og VM-kampar.

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.