Erling Lorentzen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Erling Lorentzen.
Foto: Victor Soares/ABr

Erling Sven Lorentzen (fødd 28. januar 1923) er kjend som ektemannen til Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen. Han er sonen til Øivind Lorentzen and Ragna Nilsen, fødd i Oslo.

Han gifta seg med prinsessa 15. mai 1953, og skal ha vore den første borgarlege, altså ikkje adelege, som gifta seg med ei prinsesse av noko europeisk kongehus. Etter giftarmålet flytta paret til Brasil, og bur nå i Rio de Janeiro, der Lorentzen er forretningsmann. Han er mellom anna medeigar i Aracruz Cellulose.

Paret har tre barn: Haakon Lorentzen, fødd 23. august 1954, Ingeborg Lorentzen, fødd 27. februar 1957 og Ragnhild Alexandra Lorentzen, fødd 8. mai 1968.

Lorentzen er kommandør av St. Olavs Orden.