Essiv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Essiv er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til essiv er som, likeins som. Essiv finst i finsk og i andre austersjøfinske språk.Eit døme frå finsk er Hän työskentelee opettajana «Han/ho arbeider som lærar» (opettaja «lærar»), jf. eit døme med predikativet i nominativ: Hän on opettaja «Han/ho er lærar».