Etterstadsletta i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Etterstadsletta (Oslo))
Etterstadsletta

Etterstadsletta er ei gate på Etterstad i Oslo. Ho går i ein boge frå Biskop Jens Nilssøns gate i nordleg og austleg retning før den kjem attende til Biskop Jens Nilssøns gate.[1] Samla dannar dei to gatene ein ring rund Etterstad. I nr 4. ligg OBOS si fyrste bustadsblokk frå 1931, med namn Etterstad 1. I nr 5 ligg Etterstad videregåande skole, tidlegare Oslo teknisk-maritime skole. Mesteparten av den øvrige busetnaden vert utgjort av bustadsblokker frå ulike tidsfaser: Frå 1947 til 1960 bygde OBOS ut store delar av området med lamellblokker, og dessutan fire store punktblokker øvst på området. I midten av bustadsområdet ligg Etterstadparken, eit langstrekt parkdrag orientert aust-vest. På 1980-talet bygde Selvaag ut området mot Alnaelva med terrasseblokker.

Etterstadsletta vart vedteke som gatenamn i 1951, men namnet har lenge vorte brukt i andre samanhengar. Alt på 1800-talet vart nemninga Etterstadsletta brukt om ekserserplassen som lå her. Etterstadsletta har òg vore flyplass. I 1917 heldt Carl Cederström ei flyoppvisning der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oslo kommune – Bydelsoversikt (E)». Arkivert frå originalen 29. juli 2014. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]