Eukleides

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Eukleides, ved Oxford University Museum of Natural History

Eukleides (nyare skriveformer Euklid og Evklid), fødd omkring 325 f.Kr., død omkring 265 f.Kr., var ein gresk matematikar som underviste i Alexandria i noverande Egypt i den greske antikken. Eukleides er rekna som ein av dei største matematikarane i antikken. Han skreiv mange matematiske verk, det mest kjende er Stoikheia (’Elementa’), som gjer greie for oppbygginga av plangeometrien, og som danna grunnlaget for matematisk granskingsarbeid opp mot vår tid.

Frå Eukleides har vi omgrepa

  • euklidsk geometri - ei geometrisk lære som byggjer på Euklids postulat.
  • euklidsk algoritme – ein framgangsmåte for å finne største sams faktor for to tal.
  • euklidsk rom – eit geometrisk n-dimensjonalt rom der Euklids postulat gjeld.
  • Euklids postulat – parallellaksiomet, slår fast at ein gjennom eit punkt utanfor ei rett line berre kan leggje ein parallell til lina.

Motsett har vi omgrepet ikkje-euklidsk geometri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]