Alexandria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Al-Iskandarīyah
(ar. الإسكندرية)
Satellittbilde av Alexandria
Satellittbilde av Alexandria
Flagget til Alexandria
Flagget til Alexandria
Styresmakter
Land
Guvernement
Egypt
Al-Iskandariya
Guvernør Adel Labib
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 500 000
Koordinatar 31°12′″N 29°53′″EKoordinatar: 31°12′″N 29°53′″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)

Alexandria er den største hamnebyen og den nest største byen i Egypt. Han ligg i Nildeltaet nord i landet, og er eit viktig transport- og industrisenter, men er også kjend som badeby og turistmål.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Alexandria er oppkalla etter Aleksander den store, som grunnla han i 332 f.Kr. nær fiskarlandsbyen Rhakotis. Byen blei bygd rundt ei naturleg hamn som blei kunstig utvida. Byen fekk stor tilflytting av grekarar og jødar. I 305 f.Kr. gjorde Ptolemaios I Soter Alexandria til hovudstaden for riket. Byen voks seg større enn Karthago, og blei ein av dei største byane i den hellenistiske verda.

Alexandria var kjend for to av verdas sju underverk, det store biblioteket og fyrtårnet sitt. Biblioteket var ein del av forskingssenteret Mouseion, som Alexandria var vidkjend for. Her verka mellom anna matematikarane Euklid, Heron og Hypatia. Den eldste greske omsetjinga av Gamletestamentet, Septuaginta, blei utført i byen på 200-talet f.Kr.

Byen var lenge eit stoppepunkt på handelsruta mellom Europa og Asia. Etterkvart som sjøfart tok over mista han denne stillinga, men opninga av Mahmudiyya-kanalen og Suez-kanalen på 1800-talet gav støytet til ny vekst.[1]

Nattleg utsyn over Alexandria.
San Stefano i Alexandria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med historie og Egypt å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.