Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Ελληνική Δημοκρατία
Elliniki Dhimokratia

(norsk: Hellas, gresk)

Det greske flagget Det greske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Ýmnos pros tin Eleftherían»
Motto gresk: Eleftheria i thanatos
(Fridom eller død)
Geografisk plassering av Hellas
Offisielle språk Gresk
Hovudstad Athen
Styresett
Republikk
Károlos Papoúlias
Andónis Samarás
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
131 957 km² (96.)
0,86 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
10 767 827 (78.)
81,6 /km² (86.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Det osmanske riket
25. mars 1821
1829
Nasjonaldag 25. mars
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
321 700 mill. USD (37.)
30 200 USD (31.)
Valuta Euro
Tidssone UTC +2
Telefonkode +30
Toppnivådomene .gr


Republikken Hellas (gresk Ελληνική Δημοκρατία, Elliniki Dimokratia) eller berre Hellas (Ελλάδα, Ellada, eldre form Ελλάς, Ellas) er eit land søraust i Europa sør på Balkanhalvøya. Landet grensar til Albania, Republikken Makedonia, Bulgaria og Tyrkia. Egearhavet ligg aust og sør for det greske fastlandet, medan Det joniske havet ligg i vest. Begge havområde er ein del av Middelhavet og inneheld mange greske øyar.

Hellas ligg i grenseområda mellom Europa , Asia og Afrika. Antikkens Hellas, Austromarriket og nesten fire hundreår under Det osmanske riket har sett sitt preg på landet. Området er rekna som krybba til den vestlege verda og opphavet til demokratiet[1], vestleg filosofi,[2] Dei olympiske leikane, statsvitskap, mange vitskaplege fag, vestleg litteratur og drama[3] inkludert både tragedie og komedie. Hellas har derfor ei særs lang og rik historie med mange hendigar og ei kulturarv påverka av Nord-Afrika og Midtausten, som har sett kraftig preg på europeisk kultur og det ein kan kalle Vesten.

Det moderne Hellas er eit utvikla land og har vore medlem av EU sidan 1981, av NATO sidan 1952, OECD sidan 1961, WEU sidan 1995 og ESA sidan 2005. Hovudstaden i landet er Aten og andre store byar er Thessaloníki, Pátra, Iráklio og Lárisa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå gresk geografi.

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Hellas består av fjell og eit kupert fastland som strekkjer seg sørover på Balkan, Peloponneshalvøya (skild frå resten av fastlandet via Korinteidet), fleire tusen øyar, inkludert Kreta, Évvia, Lésvos, Khíos, Dodekanesane og Kykladane i Egearhavet og Dei joniske øyane. Hellas har den tiande lengste kystlinja i verda med om lag 15 000 km. Landegrensene utgjer 1 160 km.

Om lag 80 % av Hellas er dekt av fjell eller kupert terreng, noko som gjer landet til eit av dei mest kuperte i Europa. Vest-Hellas består av fleire innsjøar og våtmarksområde og er dominert av fjellkjeda Pindos. Pindos er 2 636 meter på det høgaste og er ei forlenging av Dei dinariske Alpane.

Fjellkjeda held fram gjennom vestlege område av Peloponnes, kryssar øyane Kýthira og Andikýthira og held fram gjennom det sørvestlege Egearhavet til Kreta. Øyane i Egearhavet er toppane på undervassfjell som høyrer til same fjellmassiv.

Ólymbos sett frå Litókhoro.

Det høgaste fjellet i Hellas er Ólymbos med ei høgd på 2 917 moh. Det ligg i prefekturet Piería, nær Thessaloníki. I gresk mytologi vart det rekna som trona til gudane. Nordaust i Hellas ligg fjellkjeda Rodopi, som dannar grensa mot Bulgaria.

Store sletter dekkjer områda i Thessalía, Sentral-Makedonía og Thráki. Dei er særs viktige for økonomien i landet sidan dei er av dei få dyrkbare områda her.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Hellas har typisk solrikt og varmt middelhavsklima (Stranda Porto Katsiki på Levkáda).

Det er ikkje så enkelt å skildre klimaet i eit land som har 2000 øyar, høge fjelltoppar og luftmassar som kjem frå både subtropiske og polare strøk. Middelhavet styrer likevel det meste av klimaet, og den våtaste tida på året er vinteren. Somrane er så godt som heilt tørre, og størst sjans for regnbyger har ein lengst nord, men sjølv Thessaloníki får berre nokre få våte dagar kvar månad. Temperaturen i låglandet vert ofte svært høg (30-35 °C), og nattetemperaturen i Athen går normalt ikkje under 22 °C i juli og august. Hellas sine varmaste område er det indre låglandet i Peloponnes og Thessalía. I kystområda vert som regel varmen dempa av ein lett sjøbris, og mange område får ein vedvarande nordleg vind kalla etesian. Som dei fleste andre stader i verda minkar temperaturen med høgda, men i Hellas kanskje meir enn andre stader. På ein varm ettermiddag kan temperaturen faktisk søkke med så mykje som 8 °C per 1000 m.

Nedbøren tek seg litt opp på hausten, og ein kan få enkelte torebyer. Sjølv midtvinters har ein likevel lengre periodar med sol, kalla «dei lykkelege dagane». Mest nedbør får vestsida av Pindos-- og Peloponnesfjella, ofte i form av snø. På grunn av alle fjellområda og alle øyane har kaldlufta frå nord problem med å trenge langt sør. Det betyr at kystbyane i nord er mykje kaldare enn Athen og dei sørlege områda om vinteren. Kraftig kulde er sjeldan, men eit par gonger om vinteren kan snøbyene gå så langt sør som til Peloponnes, og ein har ofte frost i enkelte dalstrøk. Om våren minkar nedbøren igjen, men i Thessaloníki byrjar den tørre perioden først i juni.

Athen har ein årleg nedbørsnormal på 402 mm, medan Thessaloníki i nord har 470 mm. Athen har derimot berre normalt 27 mm frå juni og ut august.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå gresk historie og Hellas i antikken.

I den greske bronsealderen voks det fram sivilisasjonar kring Egearhavet. Frå 3600 f.Kr. til 1000 f.Kr., var det rike kulturar knytt til det minoiske Kreta og det mykenske Peloponnes. Kring 800 f.Kr. oppstod det fleire bystatar. Polisane grunnla fleire koloniar kringom Middelhavet. Dei stod imot fleire persiske invasjonsforsøk og la grunnlaget for den Hellenistike sivilisasjonen. Aleksander den store spreia hellenismen over store delar av den då kjende verda.

Romarriket erobra Hellas i 168 f.Kr. Gresk kultur hadde då lenge hatt innflyting på Romarriket. Dei austlege delane av det romerske imperiet vart dominert av gresk kultur. Då det romerske riket vart delt i to, hamna Hellas i sentrum for dei austlege delane. Med Konstantinopel som sentrum spreidde Austromarriket gresk kultur. Konstantinopel fall i 1453, og området vart dominert av det osmanske riket.

Hellas var ein del av det osmanske riket heilt til 1820-talet, då grekarane gjorde opprør. Den greske sjølvstendekrigen varte frå 1821 til 1829, og enda med at Hellas fekk fullt sjølvstende.

Under den andre verdskrigen braut den greske borgarkrigen ut og varte til 1947. I 1967 var det militærkupp. I 1973 avskaffa militærstyret monarkiet. I 1974, etter å ha stått bak eit statskuppKypros, braut militærjuntaen saman. Året etter vart Hellas erklært som republikk, med eit demokratisk styresett. Hellas vart medlem av EU i1981.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Periferiar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå periferiar i Hellas.
Kart Nr. Periferi Hovudstad Areal Folketal
Periferiane i Hellas
1 Attikí Aten 3&503&3808&3 808 km² 3&506&3827624&3 827 624
2 Sentral-Hellas Lamía 3&504&15549&15 549 km² 3&505&547390&547 390
3 Sentral-Makedonía Thessaloníki 3&504&18811&18 811 km² 3&506&1880058&1 880 058
4 Kreta Iráklio 3&503&8259&8 259 km² 3&505&623065&623 065
5 Aust-Makedonía og Thráki Komotiní 3&504&14157&14 157 km² 3&505&608182&608 182
6 Ípiros Ioánnina 3&503&9203&9 203 km² 3&505&336856&336 856
7 Dei joniske øyane Kérkyra by 3&503&2307&2 307 km² 3&505&207855&207 855
8 Dei nordlege egeiske øyane Mytilíni 3&503&3836&3 836 km² 3&505&199231&199 231
9 Peloponnes Trípoli 3&504&15490&15 490 km² 3&505&577903&577 903
10 Dei sørlege egeiske øyane Ermoúpoli 3&503&5286&5 286 km² 3&505&308975&308 975
11 Thessalía Lárisa 3&504&14037&14 037 km² 3&505&732762&732 762
12 Vest-Hellas Pátra 3&504&11350&11 350 km² 3&505&679796&679 796
13 Vest-Makedonía Kozáni 3&503&9451&9 451 km² 3&505&283689&283 689
Áthos (sjølvstyrt) Karyés 3&502&390&390 km² 3&503&1811&1 811

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Finley, M. I. Democracy Ancient and Modern. 2d ed., 1985. London: Hogarth.
  2. History of Philosophy, Volume 1 av Frederick Copleston
  3. Brockett, Oscar G. History of the Theatre. sixth ed., 1991. Boston; London: Allyn and Bacon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hellas