Executive Committee Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 76°50′S 126°06′W
Executive Committee Range
fjellkjede
none  Sørvestsida av Mount Sidley kaldera
Sørvestsida av Mount Sidley kaldera
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 76°50′S 126°06′W
Høgaste punkt Mount Sidley
 - høgd 4 285 moh
Administrert under Antarktistraktaten
Executive Committee Range is located in Antarktis
Executive Committee Range (Antarktis)

Executive Committee Range er ei fjellkjede som består av fem store vulkanar. Vulkane strekkjer seg 80 km frå nord til sør langs 126. vestlege lengdegrad i Marie Byrd Land i Antarktis.[1]

Dei vart oppdaga av U.S. Antarctic Service expedition på ein flytur, 15. desember 1940 og kalla opp etter Antarctic Service Executive Committee. Individuelle fjell, som Hampton og Waesche er kalla opp etter til ære for medlemmar i komiteen, utanom Mount Sidley, det høgaste fjellet i fjellkjeda, som vart oppdaga og namngjeven av kontreadmiral Byrd i 1934. Heile fjellkjeda vart kartlagd i detalj av USGS frå landmålingar og U.S. Navy sine bilete i 1958-60.[1]

Fjell i denne fjellkjeda er mellom andre Mount Sidley, Mount Waesche, Mount Hampton, Mount Cumming, Mount Hartigan og Le Vaux Peak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]