Richard E. Byrd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kontreadmiral Richard E. Byrd

Richard Evelyn Byrd (25. oktober 188811. mars 1957) var ein amerikansk admiral, polarforskar og flypioner. Han deltok som ekspedisjonsleiar og navigatør på flygingar som kryssa Atlanterhavet, delar av Polhavet og delar av Antarktisplatået. Byrd hevda at ekspedisjonane hans var dei første som hadde nådd både Nordpolen og Sørpolen med fly.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Richard Evelyn Byrd vart fødd i ein rik virginiafamilie den 25. oktober 1888. Han starta utdanninga si ved University of Virginia før han søkte seg over til, og vart utdanna ved United States Naval Academy i 1912. Han lærde å fly under første verdskrigen som kadett i den amerikanske marinen US Navy der han fekk ei sterk kjensle for flyging og utvikla nye teknikkar for navigering av fly i ope farvatn, bruk av avdriftsindikator og sekstant. Ekspertisen hans på dette området førde til at han vart teke ut til atlanterhavsflyginga til marinen i 1919. Av dei tre NC-4 flybåtane var det berre ein som klarte å fullføre turen.

Byste av kontreadmiral Richard Evelyn Byrd ved McMurdo Station.

Flyging mot Nordpolen, 1926[endre | endre wikiteksten]

Den 9. mai 1926 gjorde Byrd og Floyd Bennett eit forsøk på å fly over Nordpolen. Ved tilbakekomst til Ny-ÅlesundSpitsbergen hevda dei å ha vore over polen, men dei var ikkje istand til å presentere navigasjonsdata som kunne stadfeste påstanden deira. Seinare gransking av dagbøkene deira, reisetida, farten til flyet og analysar av vêr- og vindtilhøve førde til at mellom anna Bernt Balchen har framsett stor tvil om dei verkeleg nådde Nordpolen. Ikkje destod mindre skaffa turen Byrd ry og sikra han finansiell støtte for vidare framstøyt mot Sørpolen.

Atlanterhavsflyginga 1927[endre | endre wikiteksten]

Byrd med eit mannskap på tre, blant dei Bernt Balchen, flydde med sin Fokker Trimotor «America» eit forsøk på å fly utan stopp frå New York 29. juni 1927 til Paris. Turen enda med ei naudlanding i Bretagne

Første ekspedisjonen til Antarktis og Sydpolen, 1928-1930[endre | endre wikiteksten]

I 1928 starta Byrd den første ekspedisjonen sin til Antarktis. Ekspedisjonen omfatta to fartøy og tre fly. Ein base vart oppretta i HvalbuktaRossbarrieren og dei starta vitskaplege ekspedisjonar med hundeslede, motorslede og fly. Fotografiske ekspedisjonar og geologiske undersøkingar vart gjort gjennom den antarktiske sommaren. Ekspedisjonen hadde konstant radiosamband med omverda.

Etter den første vinteren sin i basen fortsette ekspedisjonen og gjorde den kjende flyginga mot Sørpolen og tilbake. Byrd, saman med sin co-pilot/navigatør Bernt Balchen, co-pilot/radiomann Harold June, og fotograf Ashley McKinley, flydde dei «Floyd Bennett» til Sørpolen og tilbake i løpet av 18 timar, 41 minutt. Dei hadde vanskar med å få tilstrekkeleg høgd for å nå opp til Polplatået og måtte dumpe, tomme bensintønner, såvel som all reserveproviant. Turen vart gjennomført med hell og førde Byrd inn i historiebøkene. Etter nok ein sommar returnerte ekspedisjonen den 18. juni i 1930.

Dei seinare ekspedisjonane til Byrd til Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Byrd gjennomførde ytterlegare fire ekspedisjonar til Antarktis frå 193335, 193940, 194647 og 195556.

På den andre ekspedisjonen sin 1934, var Byrd fem vintermånader åleine i ei hytte og utførde meteorologiske målingar. Han vart kolosforgifta og var nær ved å omkome. Det var berre på grunn av at hans daglege radiomeldingar vart uklåre at kollegaene hans ved basen fatta mistanke og tok seg fram til hytta.

Etter to mislukka turar klåre ekspedisjonen sin lege og to menn å kome seg fram til hytta. Dei var der til 12. oktober då eit fly frå basen kunne hente Byrd og legen ut. Dei andre tok seg tilbake til basen med traktor.

Den tredje ekspedisjonen til Byrd, United States Antarctic Service Expedition, var den første der han hadde offisiell støtte frå den amerikanske regjeringa. Berre få månader etter han kom til Antarktis måtte han returnere til Washington i mars 1940 då det på grunn av krigen var ønskeleg at han var til stades i USA. Resten av ekspedisjonen vart verande i Antarktis.

Den fjerde ekspedisjonen, Operation Highjump, var han den til då største antarktiske ekspedisjonen.

Byrd leia òg Operasjon Deep Freeze der det vart oppretta ein permanent antarktisk base ved McMurdo Sound, i Hvalbukta og på Sørpolen i 1955. Den gongen var han i lag med Andrew Van Mincey, som Minceybreen er kalla opp etter. Denne gongen vart han i Antarktis berre nokre få månader.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Då Richard Byrd døydde den 12. mars 1957, hadde han oppnådd å få 22 utmerkingar, av desse vart ni tildelt for djervskap og to for heltemot ved å redde andre sine liv.

Blant medaljane er Medal of Honor, Congressional Life Saving Medal, Navy Distinguished Service Medal, Distinguished Flying Cross og Navy Cross.

I 1927 vart flyplassen i City of Richmond gjeve namnet Richard Evelyn Byrd Flying Field, no Richmond International Airport, i Henrico County. Byrd sin Fairchild FC-2W2, NX8006, «Stars And Stripes» er plassert i Virginia Aviation Museum på utlån frå National Air and Space Museum, Washington, D.C.

Eit krater på månen har fått namnet hans, og Mount ByrdRossøya i Antarktis er kalla opp etter han. Ved den amerikanske Antarktis-basen McMurdo Station er oppført Richard E. Byrd Historic Monument, ei bronsebyste på svart marmor oppført i 1965 med skildring av Richard Byrd si polarverksemd. Bysta er oppført på lista til Antarktistraktaten over historiske stader og kulturminne i Antarktis.

Byrd vart innlema i National Aviation Hall of Fame i 1968.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Richard E. Byrd
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Richard E. Byrd