Føre var-prinsippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Føre-var-prinsippet er eit prinsipp for berekraftig utvikling, utvikla for å beskytte miljøet mot skade på naturressursar. Prinsippet byggjer på at mangel på fullstendig vitskapleg visse ikkje skal vere grunn nok for å utsetje tiltak som kan hindre at miljøet tek skade.

Føre var-prinsippet har utvikla seg frå å vere eit prinsipp bruka innan miljøvernet til å bli eit etisk prinsipp som òg femner andre samfunnsområde.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Føre-var prinsippet kjem frå omgrepet «Vorsorgeprinzip» i tysk miljøvernpolitikk.

Omgrepet «the precautionary principle» vart utvikla innanfor the World Charter for Nature, som vart vedtatt av SNs generalsekretær i 1982. Sidan er prinsippet implementert i ulike internasjonale konvensjonar som tar sikte på å verne miljøet.

Under Rio-konferansen i 1992 om Miljø og utvikling vart omgrepet «precautionary principle» nedfelt i den såkalla Rio-deklarasjonen som i artikkel 15 stadfestar at statane skal bruke føre-var prinsippet for å verne miljøet. Der miljøet er trua av alvorleg eller uoppretteleg skade, skal ikkje mangel på fullstendig vitskapleg vissheit vere grunn nok for å utsetje kostnadseffektive tiltak for å hindre at miljøet vert forringa.

Det norske uttrykket er henta frå ordtaket «betre føre var enn etter snar».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]