FC Köln
1. FC Köln er ein fotballklubb frå Köln i Tyskland, skipa i 1948.
[endre] Soge
Köln hadde sin første store periode i første halvdelen av 1960-åra. I 1960 kom klubben på andreplass i sluttspelet. To år seinare, i 1962, vann Köln sluttspelet og vart seriemeister i Vest-Tyskland. I sluttspelet for 1963 kom klubben på andreplass. I 1964 gjekk Köln til topps i den aller første Bundesligaen, medan det vart sølvplass i 1965. Köln vann den vest-tyske cupen i 1968. Laget spelte seg fram til cupfinalar i 1970, 1971 og 1973, men tapte alle gongane. Den sentrale spelaren på Köln i denne tida var midtbanespelaren Wolfgang Overath, i dag styreleiar i klubben.
Høgdepunktet for Köln kom i 1978, då klubben vann både serien og cupen i Vest-Tyskland. I 1986 spelte Köln seg fram til finalespel i UEFA-cupen. Men etter 1-5 i bortekampen mot Real Madrid, hjelpte det lite med 2-0 på heimebane. Berre kring 15 000 hadde møtt opp på RheinEnergieStadion.
Etter 1992 har ikkje Köln klart å hevde seg i tysk fotball.
Sommaren 2011 tok Ståle Solbakken over som trenar for FC Köln.
[endre] Merittar
- UEFA-cup-finalist: 1986
- Tysk seriemeister: 1962, 1964, 1978
- DFB-cup-vinnar: 1968, 1977, 1978, 1983
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «FC Köln» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2012.