Bundesliga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bundesliga
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Region UEFA
Forbund DFB
Grunnlagt 1963
Nedrykk til 2. Bundesliga
Nasjonal cup DFB-Pokal
Sjå òg: Nasjonale toppdivisjonar i fotball

Bundesliga er den øvste fotballdivisjonen i Tyskland og tidlegare Vest-Tyskland. Den klassiske avsparkstida er kl. 15.30 på laurdagar. Bundesligaen vart oppretta i 1963, og har gjennomgått fleire endringar opp gjennom tidene, heilt fram til i dag.

Før Bundesliga vart opprettet, spelte laga i regionale seriar. Vinnarane (og nokre gonger nestvinnarane) møttes så i eit sluttspel etter cup-system, med ein seriefinale for å avgjere seriemeisterskapen.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Bundesligaen er delt opp i to divisjonar, Første Bundesliga og Andre Bundesliga. Første Bundesliga blir som regel bare kalla Bundesliga, medan nummer to blir kalla 2. Bundesliga, eller Zweite Bundesliga for å skille dei to divisjonane. Det er desse to divisjonane som blir rekna som Tysklands profesjonelle fotballseriar, medan dei lågare divisjoneane blir rekna som amatørligar. Dei lågare divisjonane er i stadig vekst, og det er særleg den tredje høgaste, Regionaliga, som er i ferd med å nå eit profesjonelt nivå.

Dei to første åra hadde Bundesliga 16 klubbar. Etter det har serien hatt 18 klubbar, med unntak av sesongen 1991/92, då Bundesliga vart utvida til 20 klubbar fordi klubbane frå det tidlegere DDR vart med i det alltyske seriesystemet.

Til og med sesongen 1973/74 besto nivå to av fleire ulike Regionalligar. I 1974 vart andre Bundesliga oppretta, i to avdelingar (Nord og Süd). Andre Bundesliga vart samla til ein nasjonal divisjon i 1981. I 1991/92-sesongen vart andre Bundesliga igjen utvida til to avdelingar for ein sesong, då dei to beste klubbene fra Oberliga i DDR fikk plass i første Bundesliga, medan dei seks nest beste klubbane i DDR kom inn i andre Bundesliga.

Toppscorarar i Bundesliga gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

  1. Gerd Müller (Bayern München) 365
  2. Klaus Fischer (Schalke 04) 268
  3. Jupp Heynckes (Borussia Mönchengladbach) 220
  4. Manfred Burgsmüller (Borussia Dortmund) 213
  5. Ulf Kirsten (Bayer Leverkusen) 182
  6. Stefan Kuntz (VfL Bochum) 179
  7. Dieter Müller (FC Köln) 177
  8. Klaus Allofs (FC Köln) 177
  9. Hannes Löhr (FC Köln) 166
  10. Claudio Pizarro (Bayern München og Werder Bremen) 166

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Nordmenn med flest scoringar i Bundesliga[endre | endre wikiteksten]

(Inntil 14. mars 2013.)

Plass Navn Mål
1 Jørn Andersen 67*
2 Arne Larsen Økland 43
3 Mohammed "Moa" Abdellaoue 28
4 Jan Åge Fjørtoft 14
5 Anders Giske 13
6 Rune Bratseth 12
7 Håvard Flo 5
8 Kjetil Rekdal 4
9 Kai-Erik Herlovsen 3
10 Vidar Riseth 3
11 Håvard Nordtveit 2
12 Einar Jan Aas 1
12 Tore Pedersen 1
12 Tommy Svindal Larsen 1
12 Hassan El Fakiri 1
12 Mathis Bolly 1

* Jørn Andersen vart tysk statsborgar i 1993.

Vinnarar av Bundesliga[endre | endre wikiteksten]

Bundesliga-mestere
Sesong Vinner
1963/64 FC Köln
1964/65 Werder Bremen
1965/66 TSV 1860 München
1966/67 FC Nürnberg
1967/68 Eintracht Braunschweig
1968/69 Bayern München
1969/70 Borussia Mönchengladbach
1970/71 Borussia Mönchengladbach
1971/72 Bayern München
1972/73 Bayern München
1973/74 Bayern München
1974/75 Borussia Mönchengladbach
1975/76 Borussia Mönchengladbach
1976/77 Borussia Mönchengladbach
1977/78 FC Köln
1978/79 Hamburger SV
1979/80 Bayern München
1980/81 Bayern München
1981/82 Hamburger SV
1982/83 Hamburger SV
1983/84 VfB Stuttgart
1984/85 Bayern München
1984/85 Bayern München
1984/85 Bayern München
1987/88 Werder Bremen
1988/89 Bayern München
1989/90 Bayern München
1990/91 FC Kaiserslautern
1991/92 VfB Stuttgart
1992/93 Werder Bremen
1993/94 Bayern München
1994/95 Borussia Dortmund
1995/96 Borussia Dortmund
1996/97 Bayern München
1997/98 FC Kaiserslautern
1998/99 Bayern München
1999/00 Bayern München
2000/01 Bayern München
2001/02 Borussia Dortmund
2002/03 Bayern München
2003/04 Werder Bremen
2004/05 Bayern München
2005/06 Bayern München
2006/07 VfB Stuttgart
2007/08 Bayern München
2008/09 VfL Wolfsburg
2009/10 Bayern München
2010/11 Borussia Dortmund
2011/12 Borussia Dortmund
2012/13 Bayern München
Klubb Gonger
Bayern München 22
Borussia Mönchengladbach 5
Borussia Dortmund 5
Werder Bremen 4
Hamburger SV 3
VfB Stuttgart 3
FC Kaiserslautern 2
FC Köln 2
TSV 1860 München 1
FC Nürnberg 1
Eintracht Braunschweig 1
VfL Wolfsburg 1


BFC Dynamo Berlin har gjort krav på å bli anerkjent som 10 gonger seriemeister i Tyskland. Dette kravet er ikkje blitt godtatt, sidan Dynamo Berlins seriemeisterskap var i DDR, og mykje også tyder på at mange av kampane på 1980-talet var fiksa. Sjå Oberliga DDR.