FNL

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagg nytta av FNL

Front National de Libération (vietnamesisk Mặt Trận Giải Phóng Miền Nam Việt Nam, «Den nasjonale fronten for frigjeringa av det sørlege Vietnam», forkorta FNL, også kalla Viet Cong av motstandarane sine) var den fremste opprørsorganisasjonen i Vietnam mot slutten av det franske kolonistyret og under den amerikanske Vietnamkrigen. FNL framstilte seg sjølv som ein nasjonal front samansett av forskjellige grupper som var mot det franske styret og seinare den amerikanskstøtta Republikken Vietnam; men fronten var likevel sterkt dominert av kommunistpartiet. Den militære greina vart kalla Folkets væpna frigjeringsstyrkar.

I 1969 oppretta FNL ein provisorisk stat, Republikken Sør-Vietnam. Denne hadde fram til Saigons fall i 1975 ikkje reell makt, men styrte så Sør-Vietnam fram til heile landet vart underlagt Den sosialistiske republikken Vietnam i 1976.

Under Vietnamkrigen vart det ofte påpeika frå amerikansk side at FNL-soldater gjekk kledde som sivile, slik at det ikkje var mogleg å avgjera kven som var stridande og kven som var sivile i konflikten. Den offisielle prosedyren var at alle FNL-soldatar, sjølv om dei ikkje var kledde i uniform, skulle behandlast som krigsfangar etter Genévekonvensjonen. I realiteten vart mange avretta på staden, og mange sivile vart torturerte og drepne fordi dei vart mistenkte for å vera FNL-soldatar.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: FNL

Kjelde: bokmålswikipediaen [1]