Facção Central

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Facção Central er eit rappeband som vart danna i 1989 i den brasilianske storbyen São Paulo av bandmedlemmene «Nego», «Eduardo» og «Jurandir». Nego og Jurandir forlét seinare gruppa, og «Dum Dum» og «Garga» slutta seg til det. I byrjinga av 1998 forlét Garga bandet og «Erick 12» vart nytt medlem. Han gjekk seinare ut igjen og byrja i staden for å hjelpe bandet i studioet.

Eduardo (tekstforfattar og rappar) og Dum Dum (rappar) vart fødde i favelaene der deo også voks opp. Frå dei var små av hadde dei å gjere med sosial vald, politivald, narkotikahandel og -bruk, fengsel osb. Denne fortida vart til ei inspirasjonskjelde som fekk komponisten Eduardo til å ta opp sosial problematikk. Tekstane til gruppa er svært politiske. For dette vart dei truga av politiet over telefonen, arrestert på grunn av innhaldet i enkelte songar og sensurerte. Det vart til og med forbode å vise det einaste videoklippet med dei på brasiliansk fjernsyn. Medlemmene vart tiltala for å forsvare vald og brotsverk.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Juventude de Atitude (1995)
  • Estamos de Luto (1998)
  • Versos Sangrentos (1999)
  • A Marcha Fúnebre Prossegue (2001)
  • Direto do Campo de Extermínio (2002)
  • Facção Central Ao Vivo (2005)
  • O Espetáculo do Circo dos Horrores (2006)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]