Vald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Муж избивает жену....jpg

Vald er eit generelt omgrep brukt om handlingar som er årsak til, eller er meint å vere årsak til, skademenneske, dyr eller ting. Vald har som regel samband med aggresjon.

Det er i utgangspunktet to former for vald; tilfeldig vald, eller blind vald, som viser til vald mot ei tilfeldig eller avgrensa mengde, og koordinert vald, som skildrar handlingar som er utførte gjennom sanksjon av større grupper, til dømes land i krig eller terrorisme.

Psykologen James W. Prescott utførte ein gong ein studie rundt årsakene til vald i ein antropologisk samanheng.

Sadomasochistar skil skarpt mellom vald, som er handlingar som er meint å skade andre, og sadomasochistiske handlingar, som ikkje er meint å skade, men berre å gje nyting hjå dei som handlingane vert gjorde mot og hjå dei som utfører handlingane. Men dette skiljet vert ikkje akseptert av alle som jobbar med forsking på vald.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vald