Fagdidaktikk
Fagdidaktikk er alle dei refleksjonar ein kan knyte til eit fag og til undervisninga i dette faget. Fagdidaktikken kan delast opp i tre emnespørsmål:
- Kva? (Refleksjon kring kva faget dreier seg om, dvs. kva som er relevant i eit fag.)
- Kvifor? (Refleksjon kring kva som gjer faget relevant, dvs. kva som legitimerer faget.)
- Korleis? (Refleksjon kring måten faget kan lærast, undervisast i og vidareutviklast.)
Ved at fagdidaktikken er tufta i einskildfag, t.d. gjennom norskdidaktikk og matematikkdidaktikk, skil han seg frå allmenn didaktikk og pedagogikk. I lærarutdanninga er fagdidaktikk eit obligatorisk emne på 30 studiepoeng.
Som nemning i norsk språkbruk kom «fagdidaktikk» i bruk på 1970-talet, og termen var knytt til ei utviding av perspektiva frå fagmetodikken. Det var òg fyrst på 1970-talet at fagdidaktikken vart etablert som eige undervisningfelt og forskingsfelt, fyrst i Tyskland, så i Danmark, og etter kvart i Noreg. Sett i ein internasjonal samanheng, har norsk fagdidaktikk vore sterkt knytt til den tyske fagdidaktiske tradisjonen, bl.a. etter den tyske fagdidaktikaren Wolfgang Klafki.
Som forskingsfelt og som undervisningsemne utfordrar fagdidaktikken etablerte og statiske klassifikasjonar av kunnskapsfelt. Fagdidaktikken kan knytast til det tradisjonelle faget (t.d. nordisk eller matematikk) og til pedagogikk, men forskinga og aktivitetane i fagdidaktikken er likevel ulik og har sin eigenart. Det er ikkje tale om ein sum av kunnskap frå ulike felt, men om eit eige kunnskapsfelt. I engelskspråkleg litteratur kjem det fra gjennom framveksten av ulike utdanningsdisiplinar som «mother tongue education», «language education studies» og «educational studies in mathematics».