Familien på Borgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Familien på Borgan
RegiHelge Lunde Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Helge Lunde Sjå dette på Wikidata
ManusHelge Lunde Sjå dette på Wikidata
MedverkandeVictor Bernau, Harald Steen, Alf Sommer, Joachim Holst-Jensen Sjå dette på Wikidata
KlippReidar Lund Sjå dette på Wikidata
MusikkJolly Kramer-Johansen Sjå dette på Wikidata
SjeffotografReidar Lund Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapNorsk Lydfilm A/S Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1939
Lengd92 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandNoreg Sjå dette på Wikidata
Språknorsk
Sjangerdramafilm Sjå dette på Wikidata

Familien på Borgan er ein norsk spelefilm frå 1939. Filmen er skriven og regissert av Helge Lunde.

Filmen tek for seg familielivet til godseigaren på Borgan og bror hans, som er grosserar i byen. Godseigaren har lenge hatt eit utanomekteskapeleg forhold til fru Berg, enkjekona til gardstyraren hans, og er i løyndom far til dotter hennar, Anne. Dottera er hemmeleg trulova med Knut, son av grosserar Borgan, som studerer landbruk. Kona og døtrene til grosseraren er opptekne av fest og luksus, og ønskjer livet av godseigaren slik at dei kan arva han.

Då dei får høyra at godseigaren er dødssjuk dreg dei til Borgan for å krevja arva. Men sjukdommen er berre ei løgn for å lura dei dit medan godseigaren giftar seg med fru Berg og erklærer seg som far til Anne, som blir den rettmessige arvingen hans, og Knut giftar seg med Anne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne filmartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.