Landbruk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bonde og to hestar som pløyer ein åker i Fahrenwalde i Mecklenburg-Vorpommern. (Foto: Marcela, 12.9.2004)
Maskinell bomullsskurd. (Foto: David Nance)
Sauer på skogsbeite i De Zilk i Nederland. (Foto: Tinelot Wittermans, 26.9.2004)
Uttak av tømmer.

Landbruk er eit omgrep som omfattar næringane jordbruk, hagebruk og skogbruk er omgrep som omfattar ei rekkje næringsgreiner der dyrking av jord er grunnleggjande for produksjonen. Agrikultur er eit omgrep på fleire språk for det same. Det har latinsk opphav, og tyder «jorddyrking».

Landbruk er i all hovudsak å produsera mat, fôr, næring og fiber ved å dyrka visse planter. I tillegg gjeld det oppdrett av husdyr. Hagebruk, skogbruk og meieribruk er greiner av landbruk.

Ein person som driv landbruk kan verta kalla «landbrukar», medan «jordbrukar» eller «bonde» viser til ein som driv jordbruk. Ved mindre driftseiningar blir den som driv garden gjerne kalla «småbrukar». Ein person som driv skogbruk vert kalla skogbrukar. I Noreg har mange gardsbruk òg skog og det er vanleg å driva jordbruk om sumaren og skogbruk om vinteren. Slike bruk vert kalla kombinertbruk og drifta kombinertdrift. Ved kysten har det vore vanleg å kombinera jordbruk og fiske. Ein person som driv med ein slik kombinasjon vert ofte kalla fiskebonde.

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

Landbruk kan klassifiserast på ulike måtar. Om ein klassifiserer etter det som vert produsert kan ein nytta fyljande klassifisering:

Landbruk (jordbruk, hagebruk og skogbruk)

Jordbruk
Åkerbruk
Korndyrking
Frøproduksjon
Potetdyrking
Forvekstdyrking
Grønsakdyrking
Husdyrhald
Grasdyrking
Mjølkeproduksjon
Kjøttproduksjon
Hestehald
Eggproduksjon
Pelsdyroppdrett
Hagebruk
Fruktdyrking
Bærdyrking
Soppdyrking
Krydderdyrking
Blomedyrking
Skogbruk
Tømmer
Ved
Juletre
Torv
Sanking
Fjellbruk
Reinsdrift
Sanking

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]