Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fangeleirane i Lønsdalen og i Dypen i Saltdal kommune i Nordland var nokre av fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.

Nordlandsbanen blei provisorisk bygd over Saltfjellet til Lønsdal under den tyske okkupasjonen i 1940–1945, og tre fangeleirar blei oppretta på strekninga i denne perioden[1][2]

Lønsdal-fangeleiren[endre | endre wikiteksten]

Fangeleiren på Lønsdal (i Lønsdalen) hadde utanlandske fangar, anten sovjetiske og/eller jugoslaviske fangar.[3]

Eit minnesmerke, bygd av frigjevne fangar frå leiren for å minnast døde medfangar, ligg i Lønsdal. «Inskripsjonsplaten er borte,» skriv nettstaden Polarbanen ved sidan av eit bilete av støtta.[4]

Like etter krigen vart eit hotell bygd på tomta til fangeleiren i Lønsdal.[2]

Fangeleiren ved Lønsdalsbrua[endre | endre wikiteksten]

Fangeleiren ved Lønsdalsbrua hadde 268 utanlandske fangar i mai 1945.[5]

Dypen-fangeleiren[endre | endre wikiteksten]

Det finst ein teori om at fangeleiren i Dypen vart erstatta av fangeleiren Lønsdal.

«Dypen-fangeleiren» låg mellom «Lønsdal-fangeleiren» og dagens Europaveg 6 (eller E6).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sæther, O. 1975. Registrering av nyere tids kulturminner i Saltfjellet. Rapport, Nordland fylkeskommune. S. 7
  2. 2,0 2,1 Siw Elin Eidissen; Jostein Lorås (2014). «Dypen naturreservat i Lønsdal – biologiske verdier og samisk kulturarv» (PDF). Blyttia (72(4)). 
  3. «JUGOSLAVISK FANGELEIR PÅ SALTFJELLET.I MIDTEN F.V: KLARA ALBRIGTSEN, REIDAR BREDESN OG ANNA ARONSEN. - Nordlandsmuseet / DigitaltMuseum». SBT.F.1993/234-01. 
  4. «4. Saltdal». Vi ofret våre liv. Henta 25. april 2018. 
  5. Asbjørn Jaklin (25. februar 2015). «Utsultede fanger ble drevet til slavearbeid. NSB tiet om alt etter krigen». Nordlys.