Europaveg 6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
E6
E6 gjennom Kirkenes
E6 gjennom Bardu
Skarberget ferjehamn
Fokstugu på Dovre
Mellom Helsingborg og Malmö

Europaveg 6 (E6) er ein europaveg som går frå Trelleborg i Sverige til Kirkenes i Noreg. Han er den klart lengste vegstrekningen i Noreg.

Rute[endre | endre wikiteksten]

Vegen fylgjer ruta Trelleborg, Malmö, Helsingborg, Halmstad, Göteborg, Svinesund, Oslo, Hamar, Lillehammer, Dombås, Trondheim, Stjørdal, Steinkjer, Grong, Mosjøen, Mo i Rana, Rognan, Fauske, så vidare opp over Hamarøya med ferje frå Bognes til Skarberget over Tysfjorden til Ballangen, Narvik, Setermoen, Alta, Olderfjord, Lakselv, Karasjok, Varangerbotn, Kirkenes.

Frå Kirkenes går Europaveg 105 gjennom Russland og Ukraina til Jalta.

Plass i europavegsystemet[endre | endre wikiteksten]

Strekninga Helsingborg–Olderfjord på E6 er eigentleg ein del av Klasse A-vegen E47, som framleis er skilta med nummeret som var gjeldande fram til 1992. Sverige og Noreg skilta ikkje om på grunn av kostnaden dette ville medføra på ein særs lang veg.

Tidlegare gjekk E6 heilt frå Roma til Kirkenes, men han byrjar altså no lengst sørvest i Sverige.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ei ny utbygging av E6 i Sverige vil gå gjennom helleristingsområdet i Tanum.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå europaveg 6 i Noreg og europaveg 6 i Sverige.
Flagget til Noreg Noreg
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
Stamvei E6.svg  Kirkenes E105 felles trasé til Hesseng
Hesseng E105
Varangerbotn E75 felles trasé til Roavvegieddi
Roavvegieddi E75
Karasjok
Olderfjord E69
tunnel Isfjelltunnelen 3246 m
tunnel Skardalstunnelen 2286 m
Skibotn E8 felles trasé til Nordkjosbotn
Nordkjosbotn E8
Bjerkvik E10 felles trasé til Trældal
Trældal i Narvik E10
bro Rombaksbrua 765 m
tunnel Fagernestunnelen 2069 m
bro Skjomen bru 711 m
bro Kjerringstraumen bru 551 m
ferje Skarberget 25 min., 1-2 turer/time
ferje Bognes
tunnel Kobbskartunnelen 4457 m
tunnel Middagsfjelltunnelen 2074 m
tunnel Kalviktunnelen 2729 m
Fauske
Mo i Rana E12
tunnel Korgfjelltunnelen 8533 m
Mosjøen
Stjørdalshalsen E14 Norwegian-road-sign-771.0.svg Trondheim lufthamn, Værnes
tunnel Helltunnelen 3928 m
Trondheim
Klettkrysset E39
Dombås E136
Lillehammer
bro Lillehammer bru 543 m
bro Mjøsbrua 1421 m
Hamar
motorveg Kolomoen
motorveg slutt Skaberud
bro Nye Minnesundbrua 532 m
motorveg Dal
motorveg slutt Oslo Ulvenkrysset
Oslo Ryenkrysset E18 via tunnel Ekebergtunnelen
motorveg Oslo Klemetsrudkrysset
tunnel Nøstvedttunnelen 3700 m
Vinterbro E18
tunnel Nordbytunnelen 3850 m
Sarpsborg
bro Sandesundbrua 1528 m
riksgrense bro Svinesundbroen 704 m
Flagget til Sverige Sverige
Trasé Stad Knutepunkt Merknad
bro riksgrense motorveg E6 Svinesund
motorveg slutt Blomsholm
motorveg Rabbalshede
Uddevalla
bro Uddevallabroen 1712 m
bro Nordreälvsbron 956 m
Göteborg Gullbergsmotet E45
Göteborg Olskroksmotet E20 felles trasé til Malmö
Halmstad
Helsingborg Kropp E4 felles trasé til Helsingborg
Helsingborg E4
Malmö Kronetorp E22 felles trasé til Trelleborg
Malmö Fredriksberg E65 Norwegian-road-sign-771.0.svg Malmö lufthamn
Malmö Petersborg E20
motorveg slutt Vellinge
Trelleborg E22

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Europaveg 6