Faradayeffekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Faradayeffekt eller faradayrotasjon er eit magneto-optisk fenomen som er ein vekselverknad mellom lys og eit magnetfelt i eit medium. Faradayeffekten skapar ein rotasjon i planet til polariseringa som er lineært proporsjonal til komponenten av magnetfeltet i forplantingsretninga.

Effekten vart oppdaga av Michael Faraday i 1845 og vart det første eksperimentelle beviset på at lys og elektromagnetisme heng saman. Det teoretiske grunnlaget for elektromagnetisk stråling (som omfattar synleg lys) vart fullført av James Clerk Maxwell i 1860- og 1870-åra. Denne effekten opptrer oftast i mest optisk transparente dielektrikum (inkludert væsker) under påverknad av magnetfelt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]