Elektromagnetisk stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Elektromagnetisk stråling er bølgjer som forplantar seg i rommet med ein elektrisk og ein magnetisk komponent. Desse elektromagnetiske bølgjene forplantar seg i rommet med lysfarten.

Maxwells likningar forutsa den elektromagnetiske strålinga og Heinrich Hertz påviste henne i 1888.

I fylgje teorien vil eit oscilerande elektrisk felt generere eit oscillerande magnetisk felt, som i sin tur genererer eit oscillerande elektrisk felt, og slik vil ei elektromagnetisk bølgje forplante seg i rommet. Den elektriske og den magnetiske komponenten står vinkelrett på kvarandre og på forplantningsretninga.

Elektromagnetisk stråling har forskjellige eigenskapar og bruksområde avhengig av bølgjelengda (frekvensen). Den strålinga vi alle kjenner best, er lys. Alt lys er elektromagnetisk stråling. Bølgjelengdene for synleg lys femner frå om lag 400nm til 700nm (sjå tabellen).

Namn Bølgjelengder Frekvensar
raudt ~ 625 – 740 nm ~ 480 – 405 THz
oransje ~ 590 – 625 nm| ~ 510 – 480 THz
gult ~ 565 – 590 nm ~ 530 – 510 THz
grønt ~ 520 – 565 nm ~ 580 – 530 THz
blått ~ 445 – 520 nm ~ 675 – 580 THz
indigo ~ 425 – 445 nm ~ 700 – 675 THz
fiolett ~ 380 – 425 nm ~ 790 – 700 THz

Stråling med andre bølgjelengder har andre namn:
radiostråling (bølgjelengd over 1m),
mikrobølgjer (1mm – 1 000mm),
infraraud stråling (700nm – 14 000nm),
uv-lys (bølgjelengd 30nm – 400nm),
røntgenstråling (0,03nm – 30nm) og
gammastråling (alt under 0,03nm).

Energimengda i elektromagnetisk stråling er gjeven ved formelen

E=hc/\lambda  \,

der E er energien i eitt foton, h er Plancks konstant, c er lyshastigheita og λ (lambda) er bølgjelengda til strålinga. Jo kortare bølgjelengd, dess større fotonenergi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]