Fasediagram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fasediagram for vatn.

Eit fasediagram er ein graf som viser jamvekt mellom ulike fasar av eit stoff.

Trykk-temperatur-diagram for eit enkelt stoff er mykje brukt. Desse viser ved kva trykk og temperaturar stoffet finst som gass, væske og fast stoff. Langs linjene som skil to fasar er desse i jamvekt. Her finn me altså smeltepunkt, frysepunkt og liknande. Ved trippelpunktet er dei tre fasane gass, væske og fast stoff i jamvekt.

Linja mellom fast stoff og væske har vanlegvis positiv stigning fordi stoffet har større tettleik i fast enn i flytande form. I vatn har denne linja negativ stigning.

Fasediagram kan òg lagast med andre variablar enn temperatur og trykk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: fasediagram
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.