Tettleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tettleik eller densitet (symbol: ρ (gresk bokstav rho)) er eit mål for masse per volum. Om eit objekt har høgare tettleik, har det større masse per volumeining, og vil kjennast tungt ut. Har det låg tettleik vil objektet kjennast lett ut, sjølv om det er stort eller mykje av det. Eit objekt med stor tettleik (som jern) vil ha mindre volum for lik masse samanlikna med noko som har mindre tettleik (som vatn).

SI-eininga for tettleik er kilogram pr. kubikkmeter (kg/m³)

Formel for tettleik[endre | endre wikiteksten]

Gjennomsnittstettleiken for eit objekt er lik den totale massen delt på det totale volumet:

\rho = \frac{m}{V}

der

ρ er tettleiken til objektet (målt i kilogram pr. kubikkmeter).

m er den totale massen til objektet (målt i kilogram).

V er det totale volumet til objektet (målt i kubikkmeter).

Andre einingar[endre | endre wikiteksten]

Somme nyttar enno dei gamle einingane g/cm³ (gram pr. kubikkcentimeter), g/ml (gram pr. milliliter), kg/dm³ (kilogram pr. kubikkdesimeter), eller kg/l (kilogram pr. liter) til å måle tettleik.

1 g/cm³ = 1 g/ml = 1 kg/dm³ = 1 kg/l

1 g/cm³ = 1000 kg/m³

0,001 g/cm³ = 1 kg/m³

Tettleik av stoff[endre | endre wikiteksten]

Den kanskje høgaste kjende tettleiken er den i materien til ei nøytronstjerne (sjå nøytronium). Den gravitasjonelle singulariteten i senteret til eit svart hol har i følgje den generelle relativitetsteorien ikkje volum, så tettleiken er udefinert.

Det naturlege stoffet med høgast tettleik på Jorda er iridium, 22 650 kg/m³

Tettleikar til diverse stoff:

Stoff Tettleik
(kg/m³)
Iridium 22 650
Osmium 22 610
Platina 21 450
Gull 19 300
Uran 19 050
Kvikksølv 13 580
Palladium 12 023
Bly 11 340
Sølv 10 490
Kopar 8920
Jern 7870
Tinn 7310
Titan 4507
Diamant 3500
Aluminium 2700
Magnesium 1740
Sjøvatn 1025
Vatn 1000
Etanol 790
Bensin 730
Aerogel 3
Tilfeldig gass 0,0446 gonger den gjennomsnittlege molekylmassen, med andre ord mellom 0,09 og ca. 10 (ved standard temperatur og trykk)
t.d. luft 1,2

Merk den låge tettleiken til aluminium samanlikna med andre metall. Difor er fly laga av aluminium. Sjå au at luft har ein tettleik som er liten, men ikkje null. Aerogel er verdas lettaste faste stoff.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]