Fatmir Sejdiu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fatmir Sejdiu

Fatmir Sejdiu (fødd 23. oktober 1951) er ein kosovo-albansk politikar, og president i Kosovo frå februar 2006 til februar 201. Då Kosovo erklærte sjølvstende i februar 2008 vart han den første presidenten i det sjølvstendige Kosovo.

Sejdiu vart fødd i Podujevë/Podujevo, nord i Kosovo. Han studerte jus på universitetet i Priština, der han tok doktorgraden og enda opp som professor. I 1989 vart han generalsekretær i det nye partiet Lidhja Demokratike e Kosovës (LDK) - Kosovos demokratiske liga, som var leia av Ibrahim Rugova. I denne stillinga pleia han kontakt med kosovo-albanarar i utlandet. Seinare var han fraksjonsleiar for LDK i parlamentet i Kosovo, og vart med i presidentskapet i parlamentet. Han var ein av president Rugova sine nærmast fortrulege. Etter at NATO hadde gått inn i Kosovo var han med å skriva den nye forfatninga for Kosovo (constitutional framework).

Etter at Rugova døydde som president vart Sejdiu valt som hans etterfylgjar av parlamentet den 10. februar 2006, med 80 av 120 røyster. I tillegg til LDK stemte og koalisjonspartnaren Allianse for Kosovos framtid (Aleanca për Ardhmërinë e Kosovës), partiet ORA og representantane for det bosniske og tyrkiske mindretalet for Sejdiu. Den 9. januar 2008 vart han gjenvald for ein femårsperiode med eit mindre fleirtal, 68 røyster, denne gongen med stønad av Partia Demokratike e Kosovës, (Kosovos demokratiske parti), og mot Alliansen for Kosovos framtid sin kandidat.

Sejdiu har vore forkjempar for eit fullstendig uavhengig Kosovo, og overtydd tilhengjar av ikkje-vald. Han har ingen militær karriere bak seg, i motsetning til fleire andre leiande politikarar i Kosovo. Han har difor vore ein meir akseptabel samtalepartnar for det serbiske mindretalet i Kosovo.

Fatmir Sejdiu er gift med Musafere Sejdiu og har tre søner. Han talar, i tillegg til albansk, serbisk, fransk og engelsk.

Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå tysk wikipedia den 23. februar 2008.