Kosovo
| Kosova
(norsk: Kosovo, kosovisk) |
|||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
|||||||
| Offisielle språk | Albansk, Serbisk | ||||||
| Hovudstad | Priština | ||||||
| Styresett |
Republikk Atifete Jahjaga Hashim Thaçi |
||||||
| Flatevidd – Totalt |
10 887 km² (163.) |
||||||
| Folketal – Estimert (2012) – Tettleik |
1 825 632 (148.) 167,7 /km² |
||||||
| Protektorat under FN. Erklært sjølvstende - Dato |
Frå Serbia 17. februar 2008 |
||||||
| BNP – Totalt (2008) – Per innbyggjar |
5 300 mill. USD (154.) 2 500 USD (144.) |
||||||
| Valuta | euro | ||||||
| Tidssone | UTC+1 | ||||||
| Telefonkode | +381 | ||||||
| Toppnivådomene | .rs/.yu
|
||||||
Kosovo (albansk: Kosovë, Kosova, serbisk: Косово и Метохија, Kosovo i Metohija) er ein delvis internasjonalt godkjent republikk i Søraust-Europa. Etter at internasjonale forhandlingar om den konstitusjonelle statusen i Kosovo ikkje vann fram, erklærte parlamentet sjølvstende frå Serbia den 17. februar 2008. Fleire land, mellom anna Noreg, USA og dei største EU-landa, Storbritannia, Tyskland, Frankrike og Italia har anerkjent Kosovo sitt sjølvstende. Serbia har støtte frå mellom anna Russland, Spania og Hellas i å rekna Kosovo som del av Serbia. Kosovo har sidan 1999 vore eit protektorat under NATO og SN-administrasjon.
Kosovo grensar til Montenegro i nordvest, til Albania i vest, Makedonia i sør og Serbia i nord og aust. Området har like over to millionar innbyggjarar, hovudsakleg etniske albanarar, men òg minoritetar av tyrkarar, serbarar, sigøynarar, goranarar og bosnjakar. Priština er hovudstad og største by.
Innhaldsliste |
Geografi [endre]
Kosovo har eit areal på 10 887 km²[1] og om lag to millionar innbyggjarar. Dei største byane er hovudstaden Priština med om lag 600 000 innbyggjarar, Prizren i sørvest med om lag 165 000 innbyggjarar, Peć i vest med 154 000 innbyggjarar og Kosovska Mitrovica i nord med 110 000 innbyggjarar. Fem andre byar har om lag 100 000 innbyggjarar.
Det er to store sletter i Kosovo. Metohija ligg vest i Kosovo, og Kosovosletta ligg i aust.
Mykje av Kosovo er fjellkledd. Fjella Šar Planina ligg i sør og søraust ved grensa til Makedonia. Dette er eit av dei mest populære turistområda i Kosovo med fleire skistader og Brezovica og Prevalac som dei største turistbyane. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica på 2 656 meter over havet og ligg i sørvest på grensa til Montenegro og Albania.
Fjellet Kopaonik ligg i nord. Den sentrale regionen Drenica, Carraleva og den austlege delen av Kosovo, kalla Golak, er stort sett åslendte.
Det er fleire store elver og innsjøar i Kosovo. Dei største elvane er Kvite Drin, som munnar ut i Adriahavet, sideelva hennar Erenik, Sitnica, Morava i Golak-området og Ibar i nord. Dei største innsjøane er Gazivoda (380 millionar m³) i nordvest, Radonic (113 millionar m³) i sørvest, Batlava (40 millionar m³) og Badovac (26 millionar m³) i nordaust.
Klima [endre]
Kosovo har eit kontinentalklima med varme, tørre somrar og relativt kalde, snørike vintrar. Priština har i august ein gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur på 27 °C og minimumstemperatur på 12 °C; i januar høvesvis 2 °C og -5 °C. I løpet av eit år fell det kring 600 mm, som er jamt fordelt over året.
Galleri [endre]
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Kosovo» frå Wikipedia på engelsk, den 17. februar 2008.
Fotnotar [endre]
- ↑ Welcome to the Independent Commission for Mines and Minerals (ICMM), Kosovo. Independent Commission for Mines and Minerals.
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
| Albania | Bosnia-Hercegovina | Bulgaria | Hellas | Kosovo | Kroatia | Makedonia | Montenegro | Romania | Serbia |