Felix Hausdorff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Felix Hausdorff

Fødd8. november 1868
Wrocław
Død26. januar 1942
Bonn
NasjonalitetDeutsches Reich
Områdetopologi
Yrkematematikar, skribent, topolog, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Bonn
Universitetet i Leipzig
Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald
Alma materUniversitetet i Leipzig
DoktorgradsrettleiarHeinrich Bruns
Adolph Mayer
MedlemDet saksiske vitenskapsakademiet
Det saksiske vitenskapsakademiet

Felix Hausdorff (fødd 8. november 1868 i Breslau, død 26. januar 1942 i Bonn) var ein tysk matematikar. Hausdorff blir sett på som ein av grunnleggjarane av moderne topologi, og han leverte viktige bidrag til gruppeteori, funksjonsteori og fleire andre område av matematikken.

Han gav i 1914 ut Mengenlehre (1914), som innleia utviklinga av den generelle topologien. Namnet til Hausdorff er mellom anna knytt til omgrepet Hausdorff-dimensjon, som vert nytta til å rekne ut dimensjonen til uregelmessige geometriske figurer som til dømes fraktal. Hausdorff-dimensjonen til ein treng ikkje å vere eit heilt tal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]