Bonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bonn
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bonn
Bonn is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Köln
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

141,22 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

314 299
  2 226/km²
Koordinatar 50°44′0″N 7°6′0″EKoordinatar: 50°44′0″N 7°6′0″E
Høgd over havet 46-195 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 53000-53359
Telefon-retningsnummer 0228
Bilnummer BN
Heimeside: www.bonn.de

Bonn er ein by i Tyskland og delstaten Nordrhein-Westfalen. Han har om lag 315 000 innbyggjarar, og er av dei 20 største byane i landet, og ligg om lag 20 km sør for Köln ved elva Rhinen.

Han var hovudstad i Vest-Tyskland frå 1949 til 1990 og var det offisielle sete til regjeringa fram til 1999. I frå 1998 vart mange nasjonale institusjonar flytta frå Bonn til Berlin. Begge husa til det tyske nasjonalparlamentet, Bundestag og Bundesrat, vart flytta i lag med kanslarkontoret og bustaden til Bundespräsidenten. Bonn er likevel framleis eit senter for politikk og administrasjon. Om lag halvparten av dei statlege departementa og statsstillingane vart verande igjen i Bonn. Som følgje av dette har Bonn i dag tittelen Bundesstadt (Forbundsby).

Bonn har utvikla seg til eit senter for internasjonalt samarbeid, særleg innan miljø og berekraftig utvikling. I tillegg husar byen fleire internasjonale organisasjonar og institusjonar, mellom anna 12 institusjonar frå SN. Av desse finn ein United Nations Framework Convention on Climate Change (UNFCCC) og United Nations Convention to Combat Desertification (UNCCD).

Bonn er òg sete for fleire av dei største selskapa i Tyskland, hovudsakleg innanfor telekommunikasjon og logistikk.

Frå 1597 til 1794 var byen residens for erkebiskopen av Köln.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia om Bonn går tilbake til romarrtida. Om lag år 11 fvt. plasserte den romerske hæren tilsynelatande ein liten styrke ved det som i dag er det historiske sentrumet av byen. Tidlegare hadde hæren latt den germanske stamma Ubii, som var allierte med romarane, busette seg ved staden. Det latinske namnet på byen var «Bonna», som kan ha sitt opphav i dei opphavlege stammene som budde her, som Eburoni. Eburoniane var medlem av ei stor samling av stammer, som effektivt vart utsletta under Cæsar sin krig i Gallia. Etter fleire tiår forlet romarane staden og flytta seg litt lenger nordover, der dei bygde ei festning, først i tre og seinare i stein. Romarane heldt ut her til om lag midten av 400-talet. Restane av festninga vart ståande til langt ut i mellomalderen, då dei vart kalla Bonnburg. Steinen i festninga vart sannsynlegvis brukt til å byggje bymurane rundt Bonn på 1200-talet.

Festninga var den største romerske festninga av sitt slag som ein kjenner til. Det kunne halde ein heil legion med hjelpeutstyr og dekte eit område på om lag 250 000 kvadratmeter. Mellom festningsmurane låg det gater med mange bygningar, som store hovudkvarter, offiserane sine hus, til kasernar, stallar og militære fengsel.

Den romerske vegen mellom Köln og Mainz gjekk rett gjennom festning (i dag Römerstraße). På begge sider av vegen voks busetnaden til ein mellomstor romersk by kalla Bonna.

Seint i antikken skal byen ha vorte plyndra av fiendar, og resten av den sivile busetnaden gøymde seg i festninga i lag med restane av troppane som var stasjonært her. Mot slutten av Romarriket fekk troppane forsyningar av germanske høvdingar som var tilsett av den romerske administrasjonen. Då Romarriket fall vart desse troppane då trofaste til dei nye barbariske herskarane. Ut frå festninga og den nye mellomalderbusetnaden i sør voks mellomalderbyen Bonn fram.

Festninga i Bad Godesburg, ein bydel i Bonn
Beethovenhalle

Mellom 1000- og 1200-talet vart den romanske domkyrkja i Bonn bygd, og i 1597 vart han hovudstad i fyrstedømet Köln. Byen fekk meir innflyting og blømde kraftig. Erkebiskopen av Köln, Klemens August (styrte 1724-1761) fekk bygd fleire bygningar i barokkstil, som framleis gjev byen sin karakter. Max Franz (styrte 1784-1794) grunnla universitet og kurbadet Bad Godesberg. I tillegg passa han på den unge Ludwig van Beethoven, som var fødd i Bonn i 1770, og biskopen finansierte komponisten si første reise til Wien.

I 1794 vart byen omleira av franske troppar, og vart ein del av Det første keisardømet. I 1815 vart Bonn tatt av Preussen, og vart verande ein prøyssisk by fram til 1945. Byen var lite viktig i desse åra.

Under den andre verdskrigen høyrte Bonn til ein militær underregion under Köln. Han var ikkje hovudkvarter og ingen styrkar heldt til i Bonn, men var noko militær viktig på grunn av folkesetnaden.

Etter den andre verdskrigen var Bonn i den britiske okkupasjonssonen, og i 1949 vart han hovudstad i Vest-Tyskland. Valet av Bonn som hovudstad kom hovudsakleg av Konrad Adenauer, tidlegare borgarmeister i Köln og kanslar i Vest-Tyskland etter den andre verdskrigen, som kom frå det området, trass i at Frankfurt alt hadde dei fleste nødvendige fasilitetane og at det kom til å bli 95 millionar DM dyrare å velje Bonn føre Frankfurt. Sidan Bonn var ein relativt liten by, vart han stundom på spøk kalla Bundesdorf ('føderal landsby').

Den tyske gjenforeininga i 1990 gjorde Berlin til pålydande hovudstad av Tyskland igjen. Dette valet førte derimot ikkje til at alle republikken sine politiske institusjonar òg flytta. Berre regjeringa og parlamentet vart flytta til Berlin, medan dei fleste departementa vart verande i Bonn. Det var ingen planar om å flytte desse departementa, så Bonn vart ein uoffisiell hovudstad nummer to med den nye tittelen Bundesstadt. På grunn av dei nye bygningane ein trong, var ikkje flyttinga ferdig før i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bonn