Fenylalanin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fenylalanin er ei essensiell aminosyra med forkortinga phe.

Fenylalanin finn ein naturleg i mjølka til pattedyr, men vert òg produsert kunstig for å verte nytta i mat og drikke.

Fenylalanin kjem i to utgåver; L-fenylalanin som vert nytta av kroppen som byggjekloss til mange protein, og kan omdannast til tyrosin og vidare til L-dopa, norepinefrin og epinefrin (adrenalin). D-fenylalanin er stereoisomeren til L-fenylalanin og er den kunstige. D-fenylalanin inngår ikkje i proteinsyntesen og nøyaktig kva for biologisk rolle ho eventuelt har er uvisst. Kodona for L-fenylalanin er UUU og UUC.

Manglande evne til å bryte ned fenylalanin i kroppen blir kalla fenylketonuri.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.