Ferdinand de Saussure

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saussure

Ferdinand de Saussure (26. november 185722. februar 1913) var ein sveitsisk lingvist. Saussure blir rekna som grunnleggjaren av strukturalistisk lingvistikk. Hovudverket til Saussure, «Kurs i generell lingvistikk», vart utgjeve i 1915 etter at han var død, basert på notat som studentane hans gjorde under førelesingane ved Universitetet i Genève 1907-1911. Boka er omsett til svensk, men ikkje til norsk.

Blant Saussure sine viktigaste bidrag til lingvistikken er det systematiske skiljet mellom to ulike måtar å studere språk på: synkront og diakront, dvs. som eit språksystem eller i eit historisk perspektiv. Òg skiljet mellom langue og parole - språksystem og språkbruk - stammar frå Saussure.

For Saussure er ei grunnleggjande eining i språkstudiet språkteiknet – eit tilfeldig samband mellom lydleg (eller skriftleg) uttrykk og innhald, altså tyding. At språkteiknet er tilfeldig – eller arbitrært – har viktige konsekvensar for studiar av språk, og for språkfilosofien. Det at teiknet er arbitrært inneber ikkje berre at same innhald kan ha ulike uttrykk, slik vi kjenner det i ulike språk: «hest» kan heite hest, horse eller Pferd, til dømes. Viktigare er at innhaldet til teiknet i seg sjølv er tilfeldig. Språk er ikkje ein nomenklatur over ein naturgitt omgrepsstruktur; det er språket sjølv som avgjer strukturen i omgrepssubstansen. Dette ser vi blant anna ved at grenser mellom omgrep kan vere ulike frå språk til språk, noko som inneber at omsetjingsarbeid ofte er vanskeleg. Det arbitrære teiknet er ikkje nytt med Saussure, det er det sentrale fundamentet som junggrammatisk lingvistikk (som Saussure sjølv arbeidde innanfor heile livet sitt) kviler på.

Spire Denne biografiartikkelen som har med språk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.