Lingvistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lingvistikk eller språkvitskap er det vitskaplege studiet av naturleg språk og tale. Utøvarar av lingvistikk blir kalla lingvistar. Omgrepet lingvist blir av og til feilaktig nytta om ein polyglott, altså ein som snakkar fleire språk, men ein lingvist treng ikkje nødvendiggvis snakke fleire språk. Det er to viktige skiljelinjer innan lingvistikken:

  • Teoretisk vs. anvend: Teoretisk lingvistikk eller allmenn språkvitskap handlar om prinsipp for skildring av ulike språk og universelle aspektar ved språk; anvend lingvistikk, eller anvend språkvitskap søkjer bruk av slike teoriar på praktiske problem, slik som pedagogikk, taleteknologi eller taleterapi.
  • Autonom vs. kulturell (desse termane er ikkje veletablerte, men det finst ikkje gode alternativ): Autonom lingvistikk studerer språk og eigenskapane deira i abstraksjon frå mange aspektar ved dagleg språknytte. Dette er omtrent det Saussure kalla langue, og Chomsky har kalla I[nternal]-language. Kulturell lingvistikk studerer det Saussure kalla parole, og Chomsky har kalla E[xternal]-language, nemleg språk som eit fenomen som eksisterer uavhengig av den enkelte språkbrukaren: Ein studerer altså den sosiale funksjonen, eller korleis språkbruk passar inn i ein vidare kontekst av menneskeleg åtferd.

Språkforskarar som beintfram kallar seg lingvistar eller teoretiske lingvistar, utan vidare kvalifikasjonar, driv vanlegvis med autonom, teoretisk lingvistikk, og dette er vanlegvis sett på som kjernen av feltet. Men språkforsking blir utført i ei rekkje ulike retningar, som ikkje alltid er i harmoni med kvarandre. Den amerikanske forfattaren og frilansjournalisten Russ Rymer har sagt det slik:

Linguistics is arguably the most hotly contested property in the academic realm. It is soaked with the blood of poets, theologians, philosophers, philologists, psychologists, biologists, anthropologists, and neurologists, along with whatever blood can be got out of grammarians.

Delemne[endre | endre wikiteksten]

Brocas og Wernickes område har vist seg å vere sentrale for språkevna. Til dømes har slagpasientar som lid av språkleg afasi gjerne skader i desse områda.

Hovudmålet med autonom teoretisk lingvistikk er å karakterisere eigenskapane ved den menneskelege språkevna, eller deira språklege kunnskap. Ein ynskjer å forklare kva det er eit individ kan når dette individet snakkar eit språk, korleis denne kunnskapen oppstod, og korleis slik kunnskap interagerer med andre kognitive system. Alle menneske (dersom vi ser bort frå patologiske tilfelle) tileignar seg morsmålet sitt, det språket som blir nytta rundt dei i oppvekstmiljøet deira, om dette er eit talespråk eller eit teiknspråk. Dessutan oppnår dei slik kunnskap utan systematisk opplæring eller instruksjon. Dyrearter det er nærliggande å samanlikne oss med, har ikkje denne evna. Det må difor eksistere ein artsspesifikk genetisk skilnad mellom menneske og desse dyreartene, og denne skilnaden må liggje til grunn for den menneskelege evna til å tileigne seg språk. Dette er faktisk ukontroversielt. Det er mykje meir kontroversielt om denne artspesifikke, nedarva eigenskapen bør tenkjast på som ein spesialisert modul av den kognitive utrustinga vår som berre har med språk å gjere, altså ein språkspesifikk modul. Vi veit likevel at det finst område av hjernen som er vitale for språkevna vår, nemleg Brocas område og Wernickes område. Sidan barn tileignar seg ulike språk dersom dei veks opp i ulike språkmiljø, er det naturlegvis ingen genetisk basis for skilnadene mellom eit språk og eit anna.

Språklege strukturar må representere relasjonen mellom tyding og lyd (eller andre metodar for eksternalisering, som i teiknspråk). Lingvistar kan spesialisere seg i ulike delar av slike lingvistiske strukturar, og desse delane kan arrangerast slik, frå lyd til tyding:

  • Fonetikk, studiet av språklydar frå eit fysiologisk og akustisk perspektiv
  • Fonologi, studiet av abstrakte strukturar og system for organisering av språklydar
  • Morfologi, studiet av den interne strukturen i ord
  • Syntaks, studiet av korleis ord kan kombinerast i grammatiske frasar og setningar
  • Semantikk, studiet av tydinga til ord, faste uttrykk, og korleis desse kan kombinerast til dei komplekse tydingane til setningar
  • Pragmatikk, studiet av korleis ytringar blir brukt i ytringskonteksten
  • Diskursanalyse, studiet av setningar organisert i tekster

Det er av og til eit kontroversielt tema om nokon av desse kategoriane er uavhengige av alle dei andre, og om nokre av dei bør slåast saman. Dei fleste lingvistar ville seie seg samde i at det er gråsoner mellom alle desse kategoriane.

Andre spesialiseringsområde kombinerer desse felta med andre disiplinar:

Variasjon[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av den forskinga som blir utført innan lingvistikken går på skilnader og likskapar mellom språka i verda. Det er veldig viktig å forstå eigenskapane ved språkleg variasjon, dersom ein skal forstå den menneskelege språkevna meir generelt: Viss språkevna er styrt i detalj av dei biologiske eigenskapane til menneskearten, burde språka i verda vere relativt like. Viss dei biologiske eigenskapane til arta har mindre relevans for språkevna, burde språka i verda vere svært ulike frå kvarandre.

Det finst ulike måtar å tolke likskapar mellom språk. Til dømes latin, slik det vart snakka av romarane, utvikla seg til dagens spansk, italiensk, fransk, rumensk osb. Mange av likskapane mellom desse språka kan difor forklarast med at dei har utvikla seg frå same urspråk. Likskapar mellom språk kan difor i prinsippet kome av at dei to språka stammar frå same urspråk, eller ein artsspesifikk eigenskap ved den menneskelege språkevna.

I mange tilfelle kan ein utelukke utvikling frå same urspråk som ei mogleg forklaring. Naturlege språk har sannsynlegvis eksistert heilt sidan det moderne mennesket oppstod for omtrent femti tusen år sidan. Målingar av språkforandring over tid (til dømes målingar av skilnader mellom språka i antikke skriftkjelder og deira moderne dotterspråk) viser at språk forandrar seg raskt nok til at det er fullt umogleg å rekonstruere dei språka som vart snakka for så lenge sidan. Det er difor ikkje vanleg å bruke likskapar mellom språk i ulike delar av verda som evidens for utvikling frå same urspråk (språkslektskap).

Det er kanskje endå meir slåande at det finst dokumenterte tilfelle av teiknspråk som utvikla seg i samfunn av arveleg døve born som ikkje hadde tileigna seg noko anna språk, og som difor ikkje kunne ha vore utsett for talespråk. Slike teiknspråk har vist seg å dele mange av dei eigenskapane som kjenneteiknar ulike talespråk. Dette støttar opp under hypotesen om at slike språklege likskapar bør forklarast utor den menneskelege artsspesifikke biologiske utrustinga, snarare enn språkslektskap.

Eit døme på ein universell generalisering om språk er at det finst ei rekkje språk som systematisk plasserer verbet på nest første plassen i hovudsetningar, til dømes norsk og tysk. Dette blir vanlegvis kalla for V2, og nedanfor er det gjeve eit døme på dette med verbet i utheva skrift. Det finst derimot ingen språk som systematisk plasserer verbet på nest siste plassen.

Grammatisk: No tek vi oss ein kopp kaffi.
Ugrammatisk: *No vi tek oss ein kopp kaffi.

Eit anna døme finst i organiseringa av stavingar. Norsk tillèt stavingar som består av ein konsonant (forkorta som «K»), etterfølgd av ein vokal (forkorta som «V»), som igjen blir følgt av ein konsonant (døme: mat; KVK). Det finst språk som utelukkande har KV-stavingar (døme:ta). Dei tillèt ikkje stavingar som endar på ein konsonant (KVK eller VK). Men det finst ingen språk som utelukkande tillèt VK-stavingar, stavingar som består av ein vokal etterfølgd av ein konsonant, altså eit språk som ikkje tillèt stavingar som byrjar på ein konsonant (KVK eller KV). Norsk tillèt VK-stavingar (ut), men òg KV-stavingar ().

Det ser altså ut til at det er umogleg for den menneskelege språkevna å tileigne seg språk som systematisk plasserer verba på nest siste plassen i hovudsetningar, eller språk som systematisk forbyr stavingar som byrjar på ein konsonant, medan dei omvende systema (verbet på nest første plassen, eller forbod mot VK-stavingar) er relativt vanlege. Grovt sagt kan samlinga av slike universelle generaliseringar kallast den universelle grammatikken (eller UG). Dette temaet er likevel kontroversielt, og termen blir nytta på mange ulike måtar.

Universelle språklege eigenskapar (språklege universalia) kan delvis forklarast som resultat av universelle eigenskapar ved dagleglivet til menneske. Til dømes vil alle menneske vere i jamleg kontakt med vatn, så det er inga stor overrasking at alle språka i verda har eit ord for vatn. Når ein prøver å finne ut kva for språklege universalia som stammar frå den biologiske utrustinga til arta må ein altså kontrollere for dette. Men daglege røynsler er ikkje tilstrekkeleg for språktileigning, sidan dyr som lev rundt menneske ikkje tileignar seg menneskespråk. Dyr kan tileigne seg eller forstå eit avgrensa vokabular, men forsøk med sjimpansar og andre relativt intelligente dyrearter har vist at dei i beste fallet er svært avgrensa med omsyn til tileigning av grammatiske reglar.

Skuldast eigenskapar ved UG generelle eigenskapar ved menneskeleg kognisjon, eller eigenskapar ved menneskeleg kognisjon som er språkspesifikke? I dag veit vi for lite om kognisjon til å kunne stille denne spurnaden på ein presis måte. Difor formulerer ein ofte lingvistiske generaliseringar utan å ta stilling til dette.

Eigenskapar ved naturlege språk[endre | endre wikiteksten]

Eit rekursivt bilete. Rekursjon blir nokre gonger kalla «Droste-effekten» på grunn av emballasjeillustrasjonen for eit nederlandsk kakaomerke frå 1904.
Nok ein rekursiv struktur. Denne Romanesco-brokkolien viser ein fraktalstruktur.

Allereie i antikken forstod grekarane og indarane at naturlege språk organiserer seg rundt grammatiske kategoriar, som substantiv og verb, nominativ og akkusativ, eller presens og preteritum.

I tillegg til å bruke slike grammatiske kategoriar har naturlege språk den viktige eigenskapen at dei organiserer element i rekursive strukturar. Ein substantivfrase kan innehalde ein annan substantivfrase, og ei undersetning kan innehalde ei anna undersetning. Substantivfrasen «favorittsjokoladen til sonen til kongen av Danmarks» er eit døme på dette. Rekursjon var kjent i lingvistikken tidlegare (til dømes gjennom Jespersen), men det var først etter at Noam Chomskys bok Syntactic structures[1] kom ut i 1957 at ein forstod rekkjevidda av dette aspektet ved naturlege språk.

Chomsky nytta ein kontekstfri grammatikk i tillegg til transformasjonar til å skrive ein formell grammatikk for eit fragment av engelsk. Sidan har kontekstfrie grammatikkar vorte skrivne for store fragment av ulike språk (til dømes GPSG for engelsk), men det finst no matematiske bevis for at kontekstfrie grammatikkar ikkje kan takle fenomen som kryss-serielle avhengigheiter, og desse finst i naturlege språk. Dette viser altså at ein treng kraftigare mekanismar, til dømes transformasjonar.

Eit døme på slike kryss-serielle avhenger kjem frå nederlandsk:[2][3]

Ik denk dat Jan Piet de kinderen zag helpen zwemmen
Eg trur at Jan Piet borna såg hjelpe symje
Eg trur at Jan såg Piet hjelpe borna å symje.

Poenget er at substantivfrasene føre verbklynga (Jan, Piet, de kinderen) avheng av verba i verbklynga (zag, helpen, zwemmen) i tur og orden frå venstre til høgre.

Dette tyder at formalismar for grammatikkar for naturlege språk må vere relativt kraftige med omsyn til kva slags strukturar og avhengigheiter dei kan generere. Dei modellane vi har for grammatiske strukturar (LFG, HPSG og minimalisme) er difor for kraftige til at vi kan implementere dei i dagens datamaskiner. Komputasjonelle implementeringar er difor nøydt til å forenkle modellane.

Detaljar om utvalde delemne og skiljelinjer[endre | endre wikiteksten]

Kulturell lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

Kulturell lingvistikk omfattar studiet av lingvistikk i interaksjon med andre akademiske disiplinar.

Sosiolingvistikk, antropologisk lingvistikk, og lingvistisk antropologi er samfunnsvitskapar som ser på interaksjonen mellom språk og samfunn.

Diskursanalyse er eit område kor retorikk og filosofi interagerer med lingvistikken.

Psykolingvistikk og nevrolingvistikk kombinerer medisin og lingvistikk.

Andre interdisiplinære område av lingvistikken omfattar språktileigning, evolusjonær lingvistikk, datalingvistikk og kognitiv vitskap.

Anvend lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

Medan teoretisk lingvistikk går ut på å finne og skildre fenomen som kjenneteiknar den menneskelege språkevna, både ved å undersøkja spesifikke språk og ved å samanlikne ulike språk, representerer anvend lingvistikk forsøk på å bruke slike funn til å løyse problem i andre område. Ein nyttar ofte termen anvend lingvistikk om bruk av lingvistikk til undervisningsformål, men resultat av lingvistisk forsking blir nytta i mange andre samanhengar òg.

I mange område av anvend lingvistikk nyttar ein i dag datamaskiner. Talesyntese og talegjenkjenning nyttar fonetisk og fonologisk kunnskap for å setje datamaskiner istand til å interagere med menneske med hjelp av tale. Applikasjonar av komputasjonell lingvistikk til maskinoversetting og naturleg språkprosessering er òg veldig fruktbare område innanfor anvend lingvistikk som har vorte meir viktige i dei seinare åra på grunn av kraftigare datamaskiner. Dette har påverka teoriar om syntaks og semantikk, sidan modellering av slike teoriar på datamaskiner avgrensar valet av moglege syntaktiske og semantiske teoriar til dei som berre nyttar seg av utreiknbare operasjonar og har grundige matematiske fundament.

Diakron lingvistikk[endre | endre wikiteksten]

Hovuddelen av teoretisk lingvistikk interesserer seg for språksystem som modellerer eit språk på eit visst tidspunkt (vanlegvis samtida). Dette blir kalla synkron lingvistikk. Diakron lingvistikk, òg kalla historisk lingvistikk, interesserer seg for korleis språk forandrar seg over tid. Diakron lingvistikk har ei rik historie. Sjølve studiet av lingvistikk som akademisk disiplin, voks ut av diakron forsking på språkforandring. Dermed finst det òg eit godt teoretisk fundament for studiet av språkforandring. Viktige historiske perspektiv på lingvistikk inkluderer historisk-komparativ lingvistikk og etymologi.

Preskriptiv vs. deskriptiv lingvistikk: «Forflating» av språket[endre | endre wikiteksten]

I dag er nesten all lingvistisk forsking deskriptiv: ein ynskjer å undersøkje eigenskapane til naturlege språk utan å dømme dei eller prøve å «betre på» dei. Det finst likevel mange profesjonelle og amatørar som likar å «rette på» språkbruken til andre og å føreskrive reglar som dei vil andre skal følgje.

Preskriptivistar finst faktisk mest blant språklærarar og journalistar, og ikkje blant akademikarar som forskar på lingvistikk. Dei held på eit skarpt skilje mellom «rett» og «gale» og er ofte sjølvoppnemnte spesialistar på dette. Dei ser det gjerne som ei hovudoppgåve å forhindre «språkleg forfall». Kva som blir kalla «forfall» kan variere frå preskriptivist til preskriptivist, men det inkluderer ofte slike ting som lånord, som kan kjennast trugande for integriteten til eit språk, og nærast ei kvar forandring eit språk går igjennom, sidan desse ofte blir sett på som forenklingar av det gamle, «riktige» systemet. Eit døme på ei forandring som har skjedd eller er i ferd med å skje i norsk, er skiljet mellom og når. Ein gammal regel seier at nyttar ein om spesifikke tidspunkt i fortida, medan når kan nyttast om uspesifikke tidspunkt, som ikkje nødvendigvis ligg i fortida. Dette blir ofte oppsummert i regelen «Dengang , kvar gong når». I veldig mange moderne dialektar av norsk kan når òg brukast om spesifikke tidspunkt. Skiljet mellom og når er ikkje heilt utsletta, sjølv i desse dialektane, for veldig få ville brukt om uspesifikke tidspunkt: Dei to setningane nedanfor kan ikkje tyde det same. For dei fleste er den siste anten uakseptabel, eller ho kan berre nyttast til å tyde at «sidan nokon blir alvorleg sjuke, kan ein ringe ambulanse». Den forandringa som har skjedd er altså at når har fått eit litt utvida bruksområde og preskriptivistar freistar enno å snu denne og mange andre forandringar norsk er i ferd med å gå igjennom.

  1. Akseptabel: Når nokon blir alvorleg sjuke, kan ein ringe ambulanse.
  2. Uakseptabel: * nokon blir alvorleg sjuke, kan ein ringe ambulanse.

Deskriptivistar aksepterer ikkje det preskriptive konseptet om «feil språkbruk». Dei vil kanskje heller kalle det relevante fenomenet for idiosynkratisk, eller òg oppdage at det nye fenomenet følgjer reglar som ganske enkelt er annleis enn dei gamle. Her er eit døme på det: Ein preskriptiv regel for norsk seier at ein ikkje skal nytte infinitivsmerket å etter modale hjelpeverb. Men ei rekkje norske dialektar og sosiolektar nyttar systematisk infinitivsmerket etter modalar som refererer til evner, men aldri etter andre modalar. I desse dialektane, kan følgjande setning berre tyde at Jens har dei naudsynte evnene som skal til for å sykle. Ho kan ikkje tyde at han får lov til å sykle, eller at det kan hende at Jens syklar.

Jens kan å sykle.

Viss ein ynskjer å formidle ein av dei to andre tydingane, må ein droppe infinitivsmerket, sjølv i desse dialektane. Dialektar som følgjer den relevante preskriptive regelen (aldri infinitivsmerke etter modale hjelpeverb) er altså ikkje istand til å gjere skilje mellom evnetydinga og dei andre tydingane på same måte. Det er altså vanskeleg å forsvare standpunktet at dei dialektane som «bryt» regelen er «mindreverdige» på nokon måte, samanlikna med dei dialektane som følgjer han. I deskriptiv lingvistikk ynskjer ein altså å skildre språk på ein vitskapleg måte. Verdivurderingar har ingen plass i slik forsking.

Talespråk og skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste lingvistar er av den oppfatninga at talespråk er meir fundamentalt, og difor viktigare å studere, enn skriftspråk. Grunnar til dette er:

  • talespråk ser ut til å vere universelt for menneskelege kulturar. Det finst mange kulturar som har eit talespråk, men som ikkje har noko konvensjonelt skriftsystem.
  • folk tileignar seg talespråk enklare og tidlegare enn skriftspråk.
  • mange innanfor kognisjonsvitenskap argumenterer for at det finst ein medfødd språkmodul, og dersom ein er interessert i å kaste lys over denne hypotesen, vil forsking på talespråk gje betre resultat enn forsking på skriftspråk. Dette gjeld særleg fordi talespråk blir sett på som eit resultat av evolusjonen til arta, medan skriftspråk er ei relativt ny oppfinning i den samanhengen.

Lingvistar nyttar sjølvsagt skriftspråkleg kjeldemateriale i forskinga si, og dette blir sett på som viktig og verdifullt. I korpuslingvistikk og datalingvistikk er skriftspråk mykje enklare å bruke viss ein er interessert i å prosessere store mengder av språklege data. Store korpora med talespråk er vanskelege å lage, og når ein lagar slike blir ofte materiala transkribert og skrive ned.

Studiet av skriftsystem blir uansett sett på som ein del av lingvistikken.

Historia til lingvistikken[endre | endre wikiteksten]

Gammalindiske Vediske tekster (Rig Veda 1:164:45; 4:58:3; 10:125) ymtar om ein struktur for språk: Setningar er kombinasjonar av ord som har to distinkte former for eksistens (vokal form, orda, og persepsjonell form, tydinga). Desse orda blir godteknen for det meste som verb, som representerer handlingar i den verkelege verda, og substantiv som kan ta sju ulike kasus (avhengig av på kva for måtar dei deltek i handlingar i den verkelege verda). Mengda kasus er ikkje viktig her: Idéen er at substantiv blir bøygde for å indikere deira deltakingsmåte i dei relevante handlingane.

Sanskritgrammatikeren Pāṇini (ca 520 til 460 f.Kr) er den første kjende lingvisten og blir sett på som grunnleggjaren av lingvistikk. Han er mest kjend for å formulere dei 3959 reglane for sanskrit i teksta Aṣṭādhyāyī, som enno er i bruk. Pāṇinis grammatikk for sanskrit er svært systematisk og teknisk. Han nytta konsept som fonem, morfem og røter, omgrep som først vart gjenoppdaga meir enn to tusen år etter han levde. Grammatikken hans er veldig kortfatta, og er difor kontraintuitiv og vanskeleg å lese, samanliknbart med dagens maskinspråk (i motsetnad til meir leselege programmeringsspråk). Dei sofistikerte logiske reglane og teknikkane hans har hatt stor innverknad på gammaldags og moderne lingvistikk.

Den sørindiske lingvisten Tolkāppiyar (omtrent det tredje hundreåret f.Kr) skreiv teksta Tolkāppiyam, grammatikken for tamil, som òg enno er i bruk. Bhartrihari (450-510) var ein annan viktig indisk lingvist. Han føreslo teoriar som sa at talehandlingar har fire stadium: Først, konseptualisering av ein idé; så verbalisering av denne idéen; deretter formidling av tale i lufta; og til slutt tolking av talesignalet av tilhøyraren. Pāṇinis og Bhartriharis arbeide hadde stor innverknad på mange av dei grunnleggjande idéene som mykje seinare vart føreslått av sanskritprofessoren Ferdinand dei Saussure, som blir sett på som opphavsmannen til den moderne lingvistikken.

I det monumentale verket Al-kitab fi al-nahw (الكتاب في النحو, Boka om grammatikk 760 e.Kr) skildra den persiske lingvisten Sibawayh klassisk arabisk med stor presisjon. I dette verket vart fonetikk skilt frå fonologi.

Andre viktige lingvistar er:

Chomsky er i dag den som har hatt størst innverknad på lingvistikken. Lingvistar som arbeider i forskingsparadigmer som HPSG eller LFG legg gjerne vekt på formalisering og matematisk presisjon i lingvistiske teoriar, og tek ein viss avstand frå Chomskys seinare arbeid.[4], men identifiserer seg meir med Chomskys tidlegare arbeid. Lingvistar som arbeider med optimalitetsteori uttrykkjer generaliseringar ved hjelp av reglar som kan krenkjast, noko som utgjer eit større avvik frå hovudstraumane innanfor moderne lingvistikk. Lingvistar som arbeider innanfor ulike typar funksjonalistisk lingvistikk og kognitiv lingvistikk meiner at lingvistisk kunnskap ikkje er ein autonom del av den menneskelege kognitive utrustinga, og tvilar på påstandar om at lingvistiske generaliseringar er universelle.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Interdisiplinær lingvistisk forsking[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chomsky, Noam. 1957. Syntactic Structures. Mouton, Den Haag.
  2. Bresnan, Joan, Ronald Kaplan, Stanley Peters, and Annie Zaenen. 1982. Cross-serial dependencies in Dutch. Linguistic Inquiry 13:613-636.
  3. Shieber, Stuart. 1985. Evidence against the context-freeness of natural language. Linguistics and Philosophy 8:333-344.
  4. Chomsky,Noam. 1995, A mimimalist program for linguistic theory. Cambridge: MIT Press.

Lærebøker[endre | endre wikiteksten]

  • Aitchison, Jean. 1995. Linguistics: An Introduction. Second ed. 1999. London:Hodder & Stoughton.}
  • Akmajian, Adrian et al. 2001. Linguistics. Cambridge: MIT Press. ISBN 0-262-51123-1
  • Bye, Patrik , Trond Trosterud og Øystein Alexander Vangsnes. 2003. Språk og språkvitskap: ei innføring i lingvistikk. Oslo: Det Norske Samlaget. (ISBN 82-521-5911-7)
  • Griniewicz, Sergiusz and Elwira M. Dubieniec. 2004. Introduction To Linguistics. Białystok, WSFiZ.
  • Hudson, G. 2000. Essential Introductory Linguistics. Oxford: Blackwell.
  • Lyons, John. 1995. Linguistic Semantics, Cambridge University Press. (ISBN 0-521-43877-2)
  • Napoli, Donna J. (2003) Language Matters. A Guide to Everyday Questions about Language. Oxford University Press.
  • O'Grady, William D., Michael Dobrovolsky & Francis Katamba [eds.] (2001), Contemporary Linguistics, Longman. (ISBN 0-582-24691-1) - Lower Level
  • Taylor, John R. 2003. Cognitive Grammar, Oxford University Press. (ISBN 0-19-870033-4)
  • Trask, R. L. 1995. Language: The Basics. London: Routledge.
  • Ungerer, Friedrich & Hans-Jorg Schmid. 1996. An Introduction to Cognitive Linguistics, Longman. (ISBN 0-582-23966-4)
  • Uri, Helene: Hva er språk, Universitetsforlaget, 2004, ISBN 82-15-00455-5

Akademiske verk[endre | endre wikiteksten]

Populærvitskaplege verk[endre | endre wikiteksten]

Referanseverk[endre | endre wikiteksten]

  • Aronoff, Mark & Janie Rees-Miller (Eds.) (2003) The Handbook of Linguistics. Blackwell Publishers. (ISBN 1-4051-0252-7)
  • Asher, R. (Ed.) (1993) Encyclopedia of Language and Linguistics. Oxford: Pergamon Press. 10 vols.
  • Bright, William (Ed) (1992) International Encyclopedia of Linguistics. Oxford University Press. 4 Vols.
  • Brown, Keith R. (Ed.) (2005) Encyclopedia of Language and Linguistics (2nd ed.). Elsevier. 14 vols.
  • Bussmann, H. (1996) Routledge Dictionary of Language and Linguistics. Routledge (translated from German).
  • Crystal, David
    • (1987) The Cambridge Encyclopaedia of Language. Cambridge University Press.
    • (1991) A Dictionary of Linguistics and Phonetics. Blackwell. (ISBN 0-631-17871-6)
    • (1992) An Encyclopaedic Dictionary of Language and Languages. Oxford: Blackwell.
  • Frawley, William (Ed.) (2003) International Encyclopedia of Linguistics (2nd ed.). Oxford University Press.
  • Malmkjaer, Kirsten (1991) The Linguistics Encyclopaedia. Routledge (ISBN 0-415-22210-9)
  • Trask, R. L.
    • (1993) A Dictionary of Grammatical Terms in Linguistics. Routledge. (ISBN 0-415-08628-0)
    • (1996) Dictionary of Phonetics and Phonology. Routledge.
    • (1997) A student's dictionary of language and linguistics.
    • (1999) Key Concepts in Language and Linguistics. London: Routledge.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Representasjon av tale[endre | endre wikiteksten]