Fiat lux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til Første Mosebok

Fiat lux er eit latinsk uttrykk som tyder 'det verte lys' eller 'vert lys!'. Det er ei tilpassing til latin av det greske uttrykket γενηθήτω φῶς (genēthētō phōs), som i sin tur er omsett frå det hebraiske יְהִי אוֹר (yehiy).

Utsegna eller påbodet Bli lys! eller Det verte ljos! inngår i Gud si skaping av verda, ifylgje Første Mosebok i Bibelen.[1][2]

Fiat lux vert òg nytta som motto for fleire universitet, mellom anna:

  • Cornway College (Mashonaland West i Zimbabwe)
  • The University of California (California i USA)
  • The University of Akron (Ohio i USA)
  • The University of Lethbridge (Alberta i Canada)

Uttrykket Fiat lux har òg vorte nytta i fleire andre samanhenger i både konkret og overført tyding. Til dømes vart ein gasslykt av støypejarn som vart sett opp på Stortorvet i Oslo i 1848 kalla Fiat Lux etter ein inskripsjon på sokkelen[3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aude og tom, og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatnet. Så sa Gud: «Det verte ljos!» Så vart det ljos. Og Gud såg at ljoset var godt, og han skilde ljoset frå mørkret [...]» (Bibelomsetjinga frå 1978)
  2. Fiat lux frå Store norske leksikon
  3. Oslo byleksikon, femte utgåva, side 164

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]