Filmen Amadeus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Amadeus er ein dramafilm frå 1984, basert på livet til Wolfgang Amadeus Mozart og den italienske komponisten Antonio Salieri. Amadeus var ei filmatisering av teaterstykket Amadeus (1979) av Peter Shaffer, som i sin tur var basert på operaen Mozart og Salieri (1830) av Aleksandr Pusjkin. Filmen Amadeus vart regissert av Miloš Forman, og manuset vart skrive av Peter Shaffer. Filmen vart løna med ei lang rekkje prisar frå mange land, mellom dei Oscar-prisen for beste film, beste mannlege skodespelar (F. Murray Abraham), beste regi, og den norske Amandaprisen for beste utanlandske film.

Om filmen[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen i filmen er den aldrande Antonio Salieri som er sperra inne på sinnssjukehus. Han blir tilsendt ein ung prest for å få skriftemål. I samtalen med presten blir sjåaren med til Wien tre tiår tilbake i tid, Salieri var ein respektert komponist før den unge Wolfgang Amadeus Mozart vann gunsten til keisar Josef II av det tysk-romerske riket. Amadeus tyder "elska av Gud", og den svartsjuke Salieri klandrar Gud for å signa den vulgære, unge Mozart med så stort musikalsk geni medan han sjølv, ein disiplinert og pliktoppfyllande komponist, ikkje får same musikalske signing. Filmen spelar på myta rundt Rekviem av Mozart, som vart fullført etter Mozarts død i 1791. For å hemna seg over Mozart, maskerer Salieri seg og ber Mozart komponera Requiem, som han vil ta æra for sjølv.

Amadeus vart filma i Praha, Wien og Kroměříž. Filmmusikkomponisten var John Strauss, som vann Grammy-prisen for filmmusikken til Amadeus. I tillegg vart det nytta fleire verk av Mozart sjølv, m.a. Symfoni nr. 25, den kjende Serenade nr. 10 og Rekviem.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Eit utval prisar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]