Filmen American Beauty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
American Beauty
Opphavsland USA
Regissør Sam Mendes
Manus James Cameron
Jon Landau
Medverkande Kevin Spacey
Annette Bening
Thora Birch
Wes Bentley
Mena Suvari
Chris Cooper
Peter Gallagher
Allison Janney
Musikk Thomas Newman
Filmselskap Dreamworks
Utgjevingsår 1999
Lengd 122 min.

American Beauty er ein dramakomedie frå 1999 som tar utgangspunkt i tema som med anna omhandlar romantikk, seksualitet, venleik, frigjering, ansvaret ein familie treng og jakta på lykke. Filmen går føre seg i eit typisk amerikansk område. Hovudrollene blir spela av Kevin Spacey og Anette Bening. Andre rolleinnehavarar er Chris Cooper, Thora Birch og Wes Bentley. Filmen var debuten til regissøren Sam Mendes og manusforfattaren Alan Ball (Six Feet Under). Filmen vart nominert til 8 Oscar-statuettar, og vann 4 av dei.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Filmen startar med å introdusere ein av hovudpersonane, Lester Burnham (Kevin Spacey), ein kynisk 42 år gammal mann som er midt i ei midtlivskrise: «Lite veit eg at eg kjem til å døy innan eitt år, men på ein måte er eg allereie død», som han seier det sjølv. Kona hans, Carolyn (Anette Bening), er ein utbrent eigedomsmeklar som i løynd hatar sin eigen jobb. Dotter deira, Jane (Thora Birch), er ei «typisk tenåringsjente» som har eit stort ønskje om å få brystimplantat fordi ho trur at gutane vil finne henne uimotståeleg. Dette er ikkje motivert av eit ønskje om at gutane skal tru at ho er jenta dei kan få, men heller å få dei til å bli misunnelege og innjå at ho er jenta dei ikkje kan få.

Verken Lester eller Carolyn er lykkelege i ekteskapet sitt, dei kranglar konstant og dei skuldar kvarandre for at dei er ulykkelege.

Carolyn tar med seg Lester for å sjå på dottera når ho skal cheerleade for eit lag, for å muntre ho opp. Sjølv om Jane viser avsky for dette og seier til venninna si: «Har dei ikkje sine eigne liv å bry seg om?». Når Lester legg merke til venninna til Jane, Angela Hayes (Mena Suvari), ei vakker, såkalla «seksuelt aktiv» jente som drøymer om å bli modell, fører dette til at han blir forelska i Angela med ein gong. Jane merkar sjølvsagt dette og blir flau på Angelas vegne.

Lester finn dimed ein motivasjon for å forandre seg til det betre. Ho byrjar også å gjere ting som å tjuvlytte når Angela er på besøk. Jane synses dette berre er flaut, men Angela synes han er søt og ho seier at ho «totalt ville pula han viss han hadde byrja å trene». Lester høyrer dette og byrjar å trene.

I mellomtida blir sjåaren introdusert for ein annan familie, Fittsfamilien, som blir deira nye naboar. Denne familien består av ein konservativ far, Oberst Frank Fitts (Chris Cooper), ei fråverande mor, Barbara (Allison Janney), og sonen deira, Ricky, sp, er tidlegare narkoman. Jane byrjar å legge merke til Ricky og at han filmar kvar enn han går. I byrjinga synes ho berre at han er rar, men ho byrjar å bli smigra når Ricky filmar henne gjennom soveromsvindauget sitt.

Lester byrjar å gjere mange ting for å halde seg ung: Han kjøper seg ein knallraud bil, og byrjar å kjøpe hasj av Ricky. Ricky kjem til gjengjeld med mange visdomsord til Lester: «Undervurder ikkje krafta til fornektinga». Ricky blir også ein slags mentor for Lester. Frank blir paranoid og mistenkjer at Ricky har eit homoseksuelt forhold med Lester.

Ein spesielt travel dag byrjar Carolyn eit utruskapsforhold med rivalen i eigedomsbransjen, Buddy Kane (Peter Gallagher), fordi Carolyn er irritert på grunn av Lesters nye åtferd. Buddy tar henne med på middag og viser henne gleda i å gå på ei skytebane for å fjerne stress. Lester får sparken frå kontorjobben sin (noko han i røynda er glad for, sia han hata jobben sin uansett): han blir kalla inn for ein samtale med sjefen sin og oppfører seg rappkjefta mot han, for så å utpresse han for ein stor sum pengar. I staden for kontorjobb byrjar han på ein snøggmatrestaurant, «ein jobb med så lite ansvar som mogleg», noko som gjer Carolyn sint fordi ho da er nødd til å betale nesten alle rekningane i huset. Ricky og Jane blir kjæraster og Ricky viser henne det venaste han nokon gong har sett: eit filmopptak av en plastikkpose som rører på seg i vinden. Ricky fortel at han synes at Jane er ven og Jane sluttar vere så oppteken av utsjånaden sin når ho då skjønar at nokon synes at ho er ven.

Carolyn og elskaren hennar blir tatt på fersk gjerning i når dei bestillar mat på ein restaurant, som tilfeldigvis er den same som Lester jobbar på. Lester tar dette veldig roleg. Buddy forlet Carolyn når han innser at ho har ein mann, og Carolyn blir sint på Lester og køyrer heimover med ein pistol og eitt formål: å konfrontere Lester fordi han (etter hennar meining) har øydelagt livet hennar. Lester ringjer Ricky og seier at han har «bruk for» narkotika. Frank ransakar Ricky sitt rom fordi han ikkje trur at Ricky har slutta med narkotika. Der finn han mange videoar som Ricky har filma av Lester. Deretter ser han ut av vindauget og ser noko som tilsynelatande er Ricky som har oralsex med Lester i Lester si garasje. (I røynda er det Ricky som gjev ein pose med narkotika til Lester). Ricky kjem attende, og Frank bankar han opp og tvingar han til å seie sanninga: om han er homofil eller ikkje. Ricky bruker denne moglegheita til å sleppe unna den misbrukande far sin og «innrømmar» at han er homo.

Angela kjem på besøk og hamnar i ein krangel med både Ricky og Jane, noko som resulterer i at Angela skjenner ut begge to og kallar dei for «raringar» før ho stikk av. I same augneblinken kjem Frank bort til Lesters garasje, der Lester står, og set i gang med å kysse han, før Lester raskt avbrytar og roleg fortel Frank at han har misforstått. Frank forlet då huset gråtande med hjartesorg.

Lester finn så Angela gråtande. Han spør Angela om ho vil ha sex med han, og ho svarar ja. Lester stoggar derimot forsøket sitt på å forføre henne når ho innrømmar at ho er møy: han seier at han ikkje har samvit til å ta møydommen hennar. I staden inviterer han Angela inn på kjøkenet der dei tar noko å drikke og ete. Angela spør Lester om han er lykkeleg. Han svarar ja og innser at han er blitt mykje mindre kynisk. Angela går på badet. Lester kikar på eit familiebilde frå den tida alle var lykkelege og smiler. I same stund blir det retta ein pistol mot hovudet hans, og sjåaren høyrer eit pistolskot, men ser ikkje kven som skaut.

Filmen blir avslutta med forteljarstemmen til Lester som seier at livet passerer i revy. Sjåaren ser augneblinken då skotet vart avfyrt frå fleire personar sitt perspektiv. Ein finn dermed ut at det var Frank og ikkje Carolyn som avfyrte pistolen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Filmen fekk svært god kritikk av meldarar. Steven Spielberg (ein av skiparane av DreamWorks, eit av selskapa bak filmen) skal visstnok ha sagt at American Beauty var ein av dei beste filmane han hadde sett på årevis; Anette Bening, ein av hovudrolleninnehavarane, gråt då ho såg filmen.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Mykje av filmmusikken vart komponert av Thomas Newman, som vart nominert til ein Academy Award. Elles inneheld filmen songar av artistar som til dømes Bobby Darin, The Who, Free, Eels, The Guess Who, The Folk Implosion, Gomez, og Bob Dylan, i tillegg til ein cover-versjon av The Beatles-songen «Because» framført av Elliott Smith.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]