Finanstilsynet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Finanstilsynet, fram til 21. desember 2009 Kredittilsynet, er ein norsk statleg etat som fører tilsyn med føretak og marknader for å bidra til finansiell stabilitet og ordna marknadstilhøve. Tilsynet ligg under Finansdepartementet.

Tilsynet sin jurisdiksjon omfattar bankar, finansieringsselskap, kredittføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvalting og marknadsåtferd i verdipapirmarknaden, børsar og autoriserte marknadsplassar, oppgjørssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar.

Bjørn Skogstad Aamo var direktør i Kredittilsynet fra 1993 til åremålet gjekk ut våren 2011. Morten Baltzersen tiltrådte som finansdirektør frå 15. august 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]