Finnhamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°28′38.766″N 18°48′56.275″E Finnhamn er namnet på ei øy i nordlege delen av Stockholms skjergard rett austom Ingmarsö og innanfor Husarö. Finnhamn omfattar òg øyane Store Jolpan, Vesle Jolpan og Idholmen. Øyane er populære turistmål og ein kan kome dit via Waxholmsbåt året rundt.

Namnet Finnhamn kjem seg av at finske seglskuter på veg til eller frå Stockholm via Husaröleden utnytta den naturlege hamna ved Store Jolpan.

Øya vart kjøpt av Stockholm by i 1943 og ein sommargard og ein hytteby vart anlagt for å kunne gje sommerferie til mindre velståande Stockholmsfamiliar på same måte som på til dømes Grinda. Styret av øya har i den seinare tida vorte skjøtta av Skärgårdsstiftelsen.

På Finnhamn finst i dag ein heilårsope vandreheim, som sommarstid òg driv butikken, sommargarden og hyttebyen, Idholmens gard, med økologisk landbruk og gardssalg og dessutan ei sommaropen kro.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]