Stockholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Kart frå 1888
Kart frå 1888

Stockholm, lat. Holmia, er hovudstad i Sverige. Byen ligg ved innsjøen Mälaren sitt utløp i Østersjøen i landskapa Uppland og Södermanland, Stockholms län. Stockholm vert utgjort av 14 øyar og holmar. Dei er bundne saman av ialt 53 bruar. Aust for byen tek skjergarden til. Dei sentrale bydelane har 795 163 innbyggjarar. I Stockholms län bur i alt 1 949 516 menneske.


Innhaldsliste

[endre] Historie

Namnet Stockholm vart nemnt skriftleg fyrste gong i 1252. Byen vart grunnlagt på den såkalla Stadsholmen av Birger Jarl mellom anna for å hindre framande krigsskip frå å rette åtak mot Sigtuna og andre byar ved Mälaren. Til vern av sjølve byen lot Birger Jarl byggje eit 25 meter høgt tårn som saman med ein 3,5 meter tjukk bymur dana Stockholm sitt forsvarsverk. Stockholm tok til å vokse i perioden 1260-1280. Handelen med tyske byar på Östersjökysten vart intensifisert; dette gjaldt særleg samkvemen med Lübeck. Handelen førte til innvandring av mellom anna finnar og tyske kjøpmenn, noko som påverka livet i Stockholm kulturelt, sosialt og språkleg. Ein rekner med, at tredje kvar innbyggjar på 1400-talet opphavleg kom frå Tyskland. Med seg tok dei tyske byggjeskikkar. Etter kvart begynte Stockholm til å likne på ein tysk småby. Med byen sin vokster vart planleggjing naudsynt. I bylova frå 1350 vart gatene regulert; dei måtte minimum vere åtte alna (omlag 5 meter)breidde, slik at ein kunne passere òg til hest. I praksis vart det annleis: det smalaste smuget,Mårten Trotzigs gränd, måler berre 0,90 meter. Gatene som utvikla seg fekk ofte namn etter kva arbeidsfolk som budde der: Skomakargatan, Skräddargränd, Yxsmedsgränd o.s.b. På 1400-talet utvikla Stockholm seg til ein viktig handelsby med omlag 5-6000 innbyggjarar. Slaget ved Brunkeberg den 10. oktober i 1471 og Stockholms blodbad den 8. november i 1520 var to avgjerande hendingar for byen. Det viktigste politiske og økonomiske sentrum i Sverige vart Stockholm på 1500-talet, etter at Gustav Vasa vart konge og Sverige hadde reve seg laus frå Kalmarunionen. På 1600-talet vaks Sverige til ein stormakt i Nordeuropa, noko som førte til at byen sitt folketal seksdobla seg mellom 1610 og 1680. I 1634 vart Stockholm offisielt hovudstad i Sverige.

[endre] Øyar og holmar i Stockholm

[endre] Verdt å sjå

[endre] Utdanning

[endre] Namn på ymse språk

Stockholm heiter Holmia på latin, Tukholma på finsk språk, Estocolmo på spansk språk, Stoccolma på italiensk språk, Sztokholm på polsk språk, Sutokkuhorumu på japansk språk.

[endre] Tilnamn

Stockholm har många tilnamn eller kjælenamn, t.d. «Eken», «Europas Pärla», «Fjollträsk», «Kungsbudane», «Mälardrottningen», «Noll-åtta», «Nordens Venezia», «Tjockhult», «Sveriges baksida» og «Z'Ha'Dum».

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Stockholm
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Personlege verktøy