Fiolinsonatar, KV 10-15 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Seks sonatar for klaver akkompagnert av fiolin eller fløyte av Wolfgang Amadeus Mozart, K. 10-15, vart komponerte seint i 1764 i London under danningsreisa til familien Mozart i Europa. dronning Charlotte av Storbritannia bestilte dei den 25. oktober og verka vart framførte den 18. januar 1765.[1] Dei vart publiserte som Mozarts «Opus 3».

Somme manuskript inneheld ein akkompagnerande part for cello som doblar hovudnotane i venstre hand på klaveret. På grunn av dette er det noko usikkert om desse stykka skal klassifiserast som fiolinsonatar, fløytesonatar eller klavertrioar.

Det er truleg at verka var påverka av eit liknande sett sonatar (Op. 2) av musikklæraren til dronning Charlotte, Johann Christian Bach («The London Bach»).[1] Bach vart ven med den unge Mozart og vart ei viktig inspirasjonskjelde for den unge komponisten.

Sonate i B, K. 10[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Menuetto I og II

Sonate i G, K. 11[endre | endre wikiteksten]

  1. Andante
  2. Allegro
  3. Menuetto (da capo Allegro)

Sonate i A, K. 12[endre | endre wikiteksten]

  1. Andante
  2. Allegro

Sonate i F, K. 13[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Menuetto I and II

Sonate i C, K. 14[endre | endre wikiteksten]

  1. Allegro
  2. Allegro
  3. Menuetto I and Menuetto II en Carillon

Sonate i B, K. 15[endre | endre wikiteksten]

  1. Andante maestoso
  2. Allegro grazioso

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sadie, Stanley, Mozart: The Early Years 1756-1781, p 86-87, Oxford University (2006), ISBN 978-0198165293

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]