Danningsreise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Spencer, andre jarl av Sunderland (1640-1702), i klassiske klede i Roma under danningsreisa hans, måleri av Carlo Maratta

Danningsreisa, òg kalla The Grand Tour, har til formål å utvikle personlegdomen ved å gje den reisande innnsikt i og forståing av andre kulturar. Danningsreiser er gjerne langvarige reiser på månader, halve eller heile år. Opphavleg var slike reiser ein del av utdanninga til den europeiske overklassa og skriv seg tilbake frå kring 1660. Òg i den dansk-norske statsforvaltinga (1660-1814) var danningsreisene ein del av utdanninga til dei høgare embetsmennene.

I relasjon til kunst virkar danningsreisa slik at kunstnarar kan bli inspirert til nye metodar som kan nyttast i arbeidet. Vidare kan vedkomande studere museum, kunstsamlingar, bibliotek og teater i andre land.

Den klassiske danningsreisa til den europeiske adelen, «Grand Tour», tok i hovudsak slutt med den franske revolusjonen, men reisene har teke nye former og er på 1900-talet vorte utvikla til turisme. Omgrepet Grand Tour eksisterer enno som ei nemning for større sportsbilar (GT).

I nyare tid har interrailreiser og jorda rundt-reiser fått ei nærskyld rolle som danningsreiser for ungdom.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]