Den fjerde Doktoren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fjerde Doctor Who)
Gå til: navigering, søk

Den fjerde Doktoren i science fiction-serien Doctor Who vart spela av Tom Baker. Baker hadde rolla frå 1974 til 1981, og er dermed den som har vore lengst i rolla som Doctor Who. I løpet av desse åra vart serien fornya, og synte seg frå ei meir humoristisk side. Mykje av dette skuldast manusforfattaren Douglas Adams, som kom inn i produksjonen frå 1978.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den tredje Doktoren kom utsliten attende frå eit møte med kongrodronninga og braut saman på grunn av interne stråleskadar. Han regenererte til fjerde doktor, medan Sarah Jane Smith og oberst Lethbrigde-Stuart var vitne til det. Det første han gjorde var å berge jorda frå ein kjempediger og drapslysten robot. Etter det reiste han med Sarah Jane og militærlegen Harry Sullivan. Dei råka utfor cybermenn, sontara-krigarar og dalekar. Sidan redda han heimplaneten Gallifrey ved to høve, før han vart beden om å finne tidsnøkkelen, som var delt opp i ei rekkje segment, spreidde utover i tid og rom. Den fjerde doktoren tok slutt då han freista å berge byen Logopolis, og han fall ned frå eit tårn der. Skaden han fekk gjorde at han regenerte til den femte Doktoren.

Framtoning[endre | endre wikiteksten]

Fjerde Doktor synte seg støtt i knelang frakk (fargen kunne skifte noko), ein gamal hatt og eit strikkeskjerf han vikla tre gonger laust kring halsen. Dette skjerfet var strikka av ein fan i England, som rett og slett hadde gjeve det som gåve til produsentane. Lommene på frakken var støtt fulle av alt mogleg, frå små sukkertøy han gjerne baud fram til vener og uvener, til nyttige reiskapar han ofte redda seg med. Strikkeskjerfet vart lagt bort den siste sesongen, og doktoren gjekk då i den same mørkeraude frakken til han vart avløyst.

Den fjerde Doktoren kunne syne seg som noko midt mellom ein skarp analytikar og ein rein galning, som ofte nytta avleiding som knep for å lure fiendane (og andre med) utpå. Skjerfet nytta han stundom som tau, for å få folk til å snuble i det. Sjølve framtoninga var påverka av eit måleri av Henri Tolouse-Lautrec, som og minner om at denne doktoren var noko av ein bohem. Mot slutten av tida si vart doktoren meir alvorsam, innovervendt og grublande, og ein kan sjå at han vart magrare. Dette skuldast mellom anna at Tom Baker sjølv var oppe i nokre personlege problem på denne tida, noko som og prega framstillinga hans. Han sleit mellom anna med alkoholisme i desse åra.

Felagar[endre | endre wikiteksten]

Gjennom åra skifta doktoren felagar ei rekkje gonger:

  • Sarah Jane Smith vart «arva» frå den tredje Doktoren.
  • Harry Sullivan kom med saman med Sarah Jane.
  • Leela, ein kvinneleg krigar, sneik seg ombord etter at Sarah Jane var ute av serien. Ho gjekk for det meste i skinn, og var god til å nytte kastevåpen.
  • Romana, ei tidsfrue (kvinneleg tidshovding), som regenererte midtveges i tida si, og var soleis spela av to ulike skodespelarar (Mary Tamm og Lalla Ward). Ho var lik doktoren på mange vis, og truleg den som skjøna han best.
  • K-9, ein robothund som kom i fleire utgåver. Romana og K-9 reiste i veg på eigne eventyr i E-space.
  • Adric var ein unggut frå E-space som sneik seg ombord i Tardisen. Glup i teknologi og matematikk.
  • Nyssa kom frå planeten Traken, der doktoren hadde hjelpt far hennar. Ho møtte uforvarande opp i Logopolis.
  • Tegan Jovanka var ei flyvertinne som trudde Tardisen var ein telefonkiosk og rota seg bort der inne. Ho gav seg til kjenne då ho brått skjøna ho var i transit.

Adric, Nyssa og Tegan var til stades då fjerde doktor regenererte til femte doktor.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!